Tilegnes ensomheten - Komposisjoner av lys

 Eg hamna litt tilfeldig på bokbad i St.Petri kyrkje i Stavanger. Der samtalte prest Silje Trym Mathiassen med prest og forfattar Elisabeth Thorsen. Eg var litt skeptisk. Roman frå koronaåret. Så tett på. Men tittelen var så fin. og samtalen frista meg til å ta boka med meg heim.

Boka startar tidleg morgon 13.mars 2020. Hovudpersonen Mette står ved postkassa. Skal hente avisa. Er det virus på den? Det er så stille. Er dei andre inne i sine celler?
Brått var eg tilbake til dagane eg alt hadde gløymt. Redsla. Aleinekjensla. Heimekontor. Fare for å bli smitta når ein måtte ut for å handle. Alle som blei tosomme eller var så heldige at det var fleire i kohorten.

Newton brukte et prisme. Det gjør også jeg. Men prismet mitt er så mye mer uhåndterlig, føler jeg. Det er av et annet slags glass, liksom, men har den samme skjørhet.

Silje Trym Mathiassen og Elisabeth Thorsen
Mette er gift, men mann og dotter er i København. Ho er aleine i Oslo. Dei  har ikkje lov å besøke kvarandre. Ho kjenner seg einsam. Ho er redd for dei to andre.

Ho tenkjer mykje på Sara og Hagar i Bibelen. Sara som var barnlaus. Mette trengte eit egg utanfrå for å bere fram eit barn. Barnet hadde Gustav sine gener, men egget tilhøyrte Y (les gjerne bokstaven på engelsk). Sjalusien, Einsemda i dette òg. Dei to som høyrte saman.  Var saman. Ho var ein annan stad. Kva er biologi? 
 
Thorsen skildrar godt einsemda. Mette lurer på kven ho er i jobben. Den som er blitt på teams. Kvalme og tårer som ligg så nært.

Det skjøre i å møtast igjen. Alt dei skulle ha sagt kvarandre. Alt som kan bli veldig fint og alt som kan bli feil.
Det er annerledes å se på verden når man er en gruppe. Å møte virkeligheten alene er så mye mer sårbart. Men også mer sant, på en måte.

 Veit du kva eit scutoid er? Det visste ikkje eg. Ikkje kva abjeksjon var heller. I tillegg blei eg betre kjent med Isaac Newton og lyset, Kierkegaard og Arvo Pärt. Sett deg ned og lytt til "Spiegel im Spiegel". Den er boka på mange måtar.

Skäms inte för at du är människa, var stolt! Inne i dig öppnar sig valv bakom valv oändligt. Du blir aldrig färdig, och det är som det skall (Tomas Tranströmer)

Eg kunne ha skrive langt om alle tankane som kom mens eg las, men det ville blitt ei historie om mine kjensler i 2020. Det treng vi ikkje her. Kanskje boka får igang mange tankar hjå deg òg?

Eg tilrår. 

---

Tittel: Komposisjoner av lys
Forfattar: Elisabeth Thosen
Språk: Norsk
Årstal: 2021
Forlag: Vigmostad & Bjørke

Kommentarer