Underveis - vandring mellom tru og tvil

Inge Eidsvåg, tidlegare rektor ved Nansenskolen, skriv i forordet til boka Underveis: "Hva tror jeg på i dag? Hva er mitt livssyn, og hvilken vei har jeg gått fra barnetroens forestillingsverden til der jeg er nå?" 

Det er bara de grovt okunniga som tror att de vet något om människohjärtat. Vi andre säger: vi vet inte. Inte säkert. Går och lyssnar så länge vi lever.

Orda til P. Lagerkvist passar godt til temaet i boka. Bakteppet er kristendommen og den kristne tradisjonen. Det er den kulturen forfattaren har vakse opp i og kjenner. Han er ikkje opptatt av å bevise eller motbevise, men å leite etter samanhengar, stille spørsmål og rydde i tankeflokar. Han ønsker å skape eit rom for undring.

Eidsvåg startar langt tilbake i historia. Mennesket har forsøkt å skape meining i tilværet alltid. Det er bare dei siste 200 åra at nokre menneske i vår del av verda har avskrive religiøse livstolkingar. Eidsvåg lurer på om dette fører til at vi vil skape nye gudsbilete slik det har vore tidlegare i historia. Men kvifor skapte menneskesinnet religionar? Og kvifor er dei fleste menneske i verda òg i dag religiøse?

Korleis oppstod førestillinga om sjel? Kva skjedde i utviklinga frå urmennesket til bymennesket? Utviklinga frå mange gudar til "Du skal ikkje ha andre gudar enn meg". Vi går frå gudar som er i naturkreftene til Jahve som stod over naturen.

Eidsvåg tar oss med gjennom historia via Zarathustra, Konfucius, Buddha, Heraklit, Sokrates og mange fleire.

Korleis las ein dei bibelske tekstane opp gjennom historia? Kvifor hamnar nokon i bokstaven og andre i fortellinga? 

Logos var fornuften, vitskapen. Mythos, fortellinga. Det som vi ikkje kunne forklare. Det var aldri meininga at fortellingane/mytene skulle vere fysisk eksakte skildringar av verda og det verkelege. Dei skulle gje oss ei aning "om det øyet ikke kan se og språket ikke kan beskrive"

Kva skjedde når fornuften blir så sjølvsikker og dominerande at religiøse leiarar begynner å etterape vitskapsmennene? Dei blir så blenda av logos at mythos forsvinn. Mytene i Bibelen skulle ikkje lenger tolkast som biletlege og symbolske fortellingar, men som naturvitskaplege og objektive fakta.

Hvis vi ikke har hørt de gamle fortellingene, vil ramaskrikene forstumme, Noas ark blir en restaurant i Oslo og Sareptas krukke en bruktbutikk på Råholt. Ingen vil lenger befinne seg på en uriaspost, fem fisker og to brød forbindes med fredagens handleliste, og Babels tårn er en sang av Elton John. Bare det.

Den moderne fornuftsdyrkinga og den bokstavtru skrifttolkinga resulterte i to fenomen: fundamentalisme og ateisme, begge er barn av Opplysningstida. Eidsvåg viser til at evangeliske kristne i USA begynte å sjå på seg sjølv som fundamentalistar i byrjinga av 1900-talet. Om muslimar blei det brukt første gongen då vi fekk den islamske revolusjonen i Iran i 1978-79. Den israelske forfattaren Amos Oz grublar over korleis ein skal "behandle mennesker, som ikke er stort annet enn omvandrende utropstegn". Er det muleg å kommunisere med dei som har fasiten?

Eidsvåg utfordrar oss til å vere gjester i andre sine sinn. Å føre samtalar der vi har til hensikt å bli betre kjent med og lære av kvarandre. Vi må møte andre for å lære oss sjølv å kjenne. Lytte, lære og bli forandra - den gode samtalen. 

Habermas, Karen Armstrong, Kahneman, Nansen...  Forfattaren er innom dei alle. Men det er to som får stor merksemd. Pär Lagerkvist og Thomas Tranströmer. Kapittelet "To diktere og to svar" er om desse to som på ulik måte grublar over gud og tru. Tranströmer som kanskje har sett Gud "springa forbi från sidan". Og Lagerkvist som heile livet grublar over "Den gud som inte finns", men "varför finns ropet?"

Jag är fullkomligt viss om att det inte finns en Gud i den meningen at det existerar något som liknar det jag kan föreställa mig när jag säger det namnet. Men detta som jag inte förmår föreställa mig är ingen illusion ( - Simone Weil)

 Inge Eidsvåg kallar seg i dag agnostikar. Denne vandringa gjennom historia og gjennom utviklinga hans, er ei reise eg ikkje blir ferdig med.. Det er mange tankar som må arbeidast vidare med. 

Eg har lånt boka på biblioteket. Det var ikkje nok, eg måtte ha ei å notere i. Diverre er ho ikkje å få tak i som papirutgåve. Ebok blei redningen. Men eg skal nok leite vidare for dette er ein skatt eg vil ha hugselappar og notater i. Då trengs papirformatet.

Eg tilrår!

Men det, ser du, at ein går og går og aldri når fram, Det er å vera menneske det. (- Olav Duun)

Kommentarer