Ein skatt i adventstida


 Eg har funne ein liten skatt! ADVENT av Gunnar Gunnarsson.

For over eit år sidan fann eg ei lita bok i butikken. Eg hadde aldri høyrt om ho, men det var noko som lokka. "Advent er ei nydeleg forteljing. Gunnar Gunnarsson er kanskje den fremste av alle dei islandske diktarane" står det på baksida at Jon Fosse meiner. Først utgitt i 1937, stod det òg.

Og så gløymte eg boka, men litt tilfeldig hørte eg Janne S. Drangsholt halde andakt i NRK og ho snakka om at den boka tok ho fram kvar advent. Då kom ho fort fram her òg.

Advent er ei lita forteljing om eit stort menneske. På ein måte den gode hyrding med islandsk vri. Gjetaren Benedikt dreg saman med dei beste arbeidskameratane ein kan  tenke seg, vêren Knasten og hunden Leo, innover i fjellheimen første sundag i advent. Dei skal finne dei attgløymte sauene.

No hadde desse tre vore uskiljande i slike utferder fleire år, etter kvart kjende dei kvarandre ut og inn med slik rotfest kjennskap som kanskje er mogleg einast mellom heilt ulike dyreslag, der ingen skugge av eige sjølv, eige blod, eigne ynske eller hækne forvillar eller formyrkjer.

 Det er naturskildringar. Det er kulde og frost. Det er Benedikt som alltid stiller opp for andre, men som samstundes aldri slepp målet av syne. Dyra har òg sjel og må reddast frå døden i vinterfjellet. Samspelet mellom dei tre som stoler på kvarandre, er lågmælt og nydeleg skildra.

Advent! ja ... Benedikt tok ordet varsamt i sin munn, dette store, stille, forunderleg framande og på same tid heimlege ordet, for Benedikt kanskje det heimlegaste av alle ord. Rett nok visste han ikkje så nøye kva det tydde, men det låg von i det, forventing, førebuing - så mykje forstod han. Med åra hadde dette eine ordet kome til å fylle så å seie heile livet hans. 

 Boka trengte 87 år før eg fann ho, men no kjem eg til å gjere som Drangsholt, lese ho i adventstida. På ny og på ny.

---

Tittel: Advent (adventa, 1937))
Forfattar: Gunnar Gunnarsson
Illustrasjon: Gunnar Gunnarsson jr
Språk: norsk (original islandsk)
År: 2016 
Forlag: Det norske Samlaget
Omsett av: Oskar Vistdal

 

Kommentarer

Legg inn en kommentar

Velkommen til å skrive dine kommentarer om boka/ bøkene dette innlegget handlar om