Ekko og Narcissus. Og du og eg.


Dette essayet! Eg forstår godt at mange  bokmeldarar har "Ekko, et essay om algoritmer og begjær" av Lena Lindgren som ei av dei tre beste i 2021. 

Boka er skremmande. Boka er spennande. Boka er gjenkjennande, Boka er om meg og deg. Og heldigvis: Boka er lett å lese. Forfattaren tar oss med på ei reise der ho prøver å forstå den digitale revolusjonen som vi har opplevd dei siste tjue åra. Ikkje akkurat ei enkel oppgåve.

Kjenner du historia om Narcissus? Han som blei så forelska i sitt eige sjølvbilete? Og Ekko? Ho som snakka så mykje at ho fekk som straff at ho bare skulle gjenta det andre sa? Det er desse to det handlar om.
Narcissus blir bare seg selv. Ekko blir bare de andre. Narcissus blir "noen". Ekko blir "ingen". En lukket sirkel. En tvangsmessig gjentagelse.

Vi er i Silicon Valley, eller gudenes dal som Lindgren kallar staden. Vi får med oss oppstarten. Idealistar som startar facebook, twitter, instagram..  Idealister burde kanskje stå med hermeteikn for det er folk her som satsar millionar, etter kvar mykje meir enn det. Dei veit kor dei vil. Og vi er varen. Forfattaren bruker uttykket "disrupsjon" som tyder å radbrekke, å rive opp de gamle systema med rota. "Vi går rett på, same ka vi støyter på".

Vi møter Peter Thiel. Mannen som skapte PayPal og som tidleg satsar økonomisk på facebook og  på Silicon Valley. Han har ikkje tru på demokratiet, men på kapitalismen. Den frie kapitalismen. Koblinga hans til Trump, til tryggleikssystema i USA med meir, er skremmande å lese om. Han ser seg meir og meir som ein gud og skal frysast ned når han døyr for han trur ikkje på døden. Ein mann som opptar forfattaren. Og som skremmer meg.

Disse 47 milliarder selfiene, det er som om vi leter etter noe. Finnes jeg, er jeg viktig? hvem er jeg? Så mange selfies, så få svar

A. Toulmouche (1829-1880)
Ho skriv om all informasjonen Silicon Valley har om oss. Informasjon som vi gjev frå oss gratis og ofte med glede. Og reklame som er sikta rett mot akkurat meg. Ekkokammeret som eg får tilbake. Det vanskelege med å kaste den første steinen, men så lett det er å kaste den andre og bli ein del av mobben som har funne ein syndebukk. Ein skeiv kommentar i sosiale media og du møter steinkastarane. 

Oppmerksomhetsøkonomien. Å kjenne seg som ingen, å kjenne seg som nokon. Dei unge sitt skjøre sjølvbilete blir milliardindustri. Influensarane, smittebærarane, som sel seg sjølv som ei vare. Modellane som blir forma til noko ingen er fødd som. Ikkje kvit/ ikkje svart, sørasiatiske augebryn, europeisk nase, litt afroamerikansk preg over leppene, kinn inspirert frå Midtausten...

Silicon Valley sel varen, meg. Reklamen er tilpassa meg. Eg hamnar i eit ekkokammer og får stadfesta synet mitt på verda. Andre får stadfeste sitt. 

Vi mimer kvarandre heile livet. Vi er ein del av den andre.  I følge Pankaj Mishra starta det vanskelege ved den franske revolusjonen og "alle menneske er fødd frie og like". For kva er likskap? Likeverd eller identifikasjon? Det mimetiske begjæret er ikkje i stand til å skilje desse to, det vil bare ha det som dei andre har.

Eg blei ikkje ferdig med boka, sjølv om hadde lese ho ut. Eg tar meg i å bla og lese om igjen ulike sider. Forfattaren er innom skjønnlitteratur, myter, faglitteratur og flettar dette levande og lett saman. At boka fekk Brageprisen for årets beste sakprosabok, forstår eg godt.

Eg tilrår.

Lena Lindgren er politisk kommentator i Morgenbladet. Dette er den første boka ho har gitt ut.

Narcissus dør, fanget i sitt eget speilbilde. Ekko overlever, men bare som en refleksjon av andre

---
Tittel: Ekko. et essay om algoritmer og begjær
Forfattar: Lena Lindgren
Forlag: Gyldendal
År: 2021

Kommentarer

  1. Ja, dette er interessant og tankevekkende. Har lagt merke til boka og vil lese den. Ble enda mer inspirert etter å ha lest innlegget ditt:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Gler meg til å lese om opplevinga di av boka.

      Slett
  2. Leser boka nå. Flott oppsummering du har skrevet.

    SvarSlett

Legg inn en kommentar