Gulldronning, perledronning

 

Margaret Skjelbred er ukjent for meg så denne boka blei det første møtet med forfattarskapet.

Historia handlar om Signhild som sit på dødsleiet til morfaren og hugsar tilbake på den sommaren ho kom til han og kvifor ho gjorde det. Det er ein roman om vold og svik mot barn. Om å bearbeide det vonde. Morfaren bruker forteljingar og eventyr i arbeidet med å få barnet ut av traumene. 

Boka balanserer heile tida mot det eg vil kalle for ukeblad-klisjear. Når ho skal fortelje det frå barnet sin vinkel, greier ho ikkje sleppe den vaksne sine ord. Det blir for mange ord på ord.  Det er som om bileta må overforklarast. Under alle orda ligg det ei vâr forteljing som får skinne innimellom.

"Gulldronning, perledronning" blei gitt ut i 2004 så dette er ikkje ei fersk bok. Ei av grunnane til at eg ville lese ho, var bruken av eventyr og forteljingar i utviklinga av barnet. Sjølve den idéen er god, men eg blir sitjande igjen med eit ja, men nei. 

---

Forfattar: Margaret Skjelbred

Tittel: Gulldronning, perledronning

Språk: Norsk bokmål

År: 2004

Kommentarer