Barabbas - den frikjente

 Barabbas, opprørar og mordar. Ein mann som folk var redd. Og no ein som ventar på døden ved krossfesting. Så blir han frikjent. Ein annan skal døy i staden. Ein uskuldig. Jesus. Vi veit lite om Barabbas, kun det vesle som står om han i Bibelen, til dømes i Matteusevangeliet kapittel 27. 

Pär Lagerkvist diktar vidare der Bibelhistoria sluttar. Frå Barabbas står i bakgrunnen og ser Jesus dø til han sjølv, som gamal mann, døyr. Korleis er det å leve med denne frikjenninga på skuldrene sine? Unnfanga i hat, fødd i hat. Heile tida sloss for å overleve. Og så dette. Brått livet i gåve. Korleis skal han takle det? Han som direkte hadde opplevd at ein annan hadde dødd for han.

Han søker opp dei kristne. Han prøver å finne ut kva det er som gjorde denne mannen så spesiell. Han døydde jo som slave og så påstår dei at han er Guds son. Og det var dette lyset som strålte frå han. Og mørkret midt på dagen då han døydde. Hadde det eigentleg skjedd. Han foraktar desse blauthjarta og han blir dradd mot dei. Elsk kvarandre. Kva var det for noko tull?

Barabbas hamnar som slave både under jorda og på jorda. Han blir lenka til ein annan fange. Han må leve tett på eit anna menneske, men er den tause, einsame. 

När Barabbas återvende till staden på den nattliga Via Appia kände han sig mycket ensam. Inte därför att ingen gick bredvid honom på vägen och ingen mötte honom på den, utan för att han var ensam i den gränslösa natt som vilade över hela jorden, ensam i himmel och på jord och bland både levande och döda

Svenske, Pär Lagerkvist gav ut Barabbas i 1950. Året etter fekk han Nobelprisen i litteratur. I grunngjevinga står det: " for the artistic vigour and true independence of mind with which he endeavours in his poetry to find answers to the eternal questions confronting mankind".

Denne bok las eg sist i 1983, men har tenkt mykje på ho. Det var noko med historia. Korleis greidde Barabbas å leve vidare med at ein uskuldig er dømd i staden for han? Men hadde boka halde seg i alle desse år? Ja, det syns eg. Men eg las ho annleis no med så mange fleire år på baken. Kanskje kjente eg smerta sterkare og forstod fortvilinga på ein annan måte enn sist? 

Boka blei ein tankevekkande start på påskehøgtida.


Det første linjene i romanen

 ---

  • Tittel: Barabbas
  • Forfattar: Pär Lagerkvist
  • Utgitt år: 1950
  • Forlag: Bonnier
  • Språk: Svensk
  • Leseutgåve: uinnbunden, 1951, svensk





Kommentarer

  1. Enig, jeg leste den i fjor og ble mektig imponert over fortellingen.

    SvarSlett
    Svar
    1. Så kjekt. Eg var spent då eg tok boka fram igjen etter alle desse åra. Ville ho gripe meg igjen? Og det gjorde ho

      Slett

Legg inn en kommentar