Dei vaksnes løgnaktige liv

 "To år før han drog heimanfrå, sa far min til mor mi at eg er veldig stygg." Den første setninga i boka, Dei vaksnes løgnaktige liv, får oss midt i handlinga. Setninga, som ikkje var heilt slik som Giovanna hugsa den, fører henne ut av barndomsidyllen og inn i tenåra og reisa nedover og innover i vaksenverda. Far har gjort ei klassereise frå arbeidarmiljøet i ein bydel, tatt utdanning og fått seg ein bustad høgare oppe i Napoli. Han har lite kontakt med familien sin. Giovanna dreg dit. I Napolikvartetten lar forfattaren hovudpersonen gå frå arbeidarbydelen til middelklassen, no vandrar vi den andre vegen. Ferrante må grave vidare. Finne ut meir om det å vekse opp, om å gjere si eiga reise.

Giovanna skal møte løgna til dei vaksne, sjølv lyge så det renn av seg. Gøyme bort kroppen, bruke kroppen. Utfordre eigne tankar, gå i kjellaren av eigne tankar. Vere den vrange veninna, den vrange dottera. Vere den søte jenta, den beundrande jenta. Den kloke jenta. Tenåringen leitar etter identitet. Kven er eg - eigentleg? Kva vil eg med livet mitt. Tante Vittoria, far si syster, vil forme henne. Mor og far vil forme henne. Vener vil forme henne. Alle veit best. 
Du overdriv kanskje litt, far din sa ikkje bokstaveleg talt: Giovanna er stygg. Det er sant, det var ikkje vanleg at far min brukte så brutale ord. Men eg var i ein veldig skjør fase av livet. Menstruasjonen hadde eg hatt i nesten eit år, brysta var altfor synlege, og eg skamma meg over dei, eg var redd for at eg lukta, eg vaska meg konstant, eg var slapp når eg la meg til å sove, og slapp når eg vakna.

 Ferrante gir oss eit familiedrama om oppvekst, identitet og klasse. Når snakkar dei vaksne sant? Når spelar dei for å få det slik dei vil? Kva kjensler er ekte? Og desse ekle gutane? Og kroppen som ikkje er til å stole på. Å bli sett på den nifse måten. Dragningen mot dei som har kome seg ut frå Napoli. Dei intellektuelle. Og dragning den andre vegen. 

Det er noko med oppvekstromanane til Elena Ferrante. Dei treff meg i magen. "Dei vaksnes løgnaktige liv"  fortset gravinga i identitet, klasse, oppvekst. Ferrante bruker lite adjektiv. Språket er inn til beinet. Det er nesten utruleg kor mykje kjensler som kan boble fram i tekstane med eit slikt språk. 

Og så var det armbåndet, då.....

Det er ein fryd å lese omsetjinga til Kristin Sørsdal. Bare så det er sagt. Igjen.

---

Tittel: Dei vaksnes løgnaktige liv
Forfattar: Elena Ferrante
Omsett frå italiensk av: Kristin Sørsdal
År: 2020
Forlag: Samlaget

Kommentarer

  1. Hmm.. Jeg elsker Falkeid og Fosse, som deg. Ferrante derimot, får jeg ikke til, selv om jeg ser hva du skriver. Det er noe med familiedrama som får det til å skurre i panneluggen. Det og oppvekstromaner takler jeg ikke sånn midtveis i livet, kjenner jeg. Rare greier, men noterer meg at kanskje jeg liker dem om 10 års tid? Hvem vet :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Vi satsar på at ti år til gjer susen!

      Slett

Legg inn en kommentar

Velkommen til å skrive dine kommentarer om boka/ bøkene dette innlegget handlar om