Krim? Tja.

 


Eg har kjørt bil og eg har lytta til  "Dei  sju dørene" av Agnes Ravatn. Eg hadde høyrt om latter og at dette var morsom krim. Gleda meg til ein lang biltur. 

Eg har dårleg form for humor. Eg lo ikkje. Eg tok meg i å kjede meg. 

Boka fekk nerve heilt på slutten, men då hadde eg for lengst forstått det hovudpersonen ikkje forstod.

Godt språk. Men livet mitt blei ikkje rikare, ikkje klokare og ikkje ei smilerynke rikare av boka. Men eg kom meg frå A til B. Og har lurt på kva forfattaren eigentleg ville med å skrive ei slik bok. 

Tilrår ikkje om du har bøker som ventar på deg. Dette var for meg kun tidtrøyte og det har eg jo eigentleg ikkje tid til.


---

Tittel: Dei sju dørene

Forfattar: Agnes Ravatn

År: 2019

Forlag: Samlaget