Homofobi og mørke i Hardanger

 

Det er sjeldan eg les den same boka som mange andre på same tid som dei. Men denne gongen tenkte eg at når eg først fekk eit leseeksemplar overraskande i postkassen, fekk eg slå til. 

Dette er mitt første møte med denne forfattaren. Eg hadde ikkje høyrt om Agnes Lovise Matre. Ikkje visste eg at det skjedde så mykje kriminelt i Øystese heller. Men no skal eg halde auge og øyre opne om eg finn på å dra innover Hardangerfjorden. Folk skjuler mykje der.

Uvigslet jord er den tredje boka om lensmann Bengt Alvsaker. Eg tenkte først at eg kanskje burde ha lese dei to første før eg starta på denne, men det gjekk heilt fint. Historia hadde tyngde nok i seg sjølv.

Vi er i Øystese i Hardanger i 2018. Her dukkar det opp levningar av ein tenåring. Denne guten var det ingen som hadde meldt sakna. Han forsvann i 1983. Det viser seg at det ikkje bare er ein ungdom som har forsvunne frå bygda. Alvsaker og folka hans møter ikkje bare velvilje når dei skal finne ut kva hadde skjedd. Det er folk som helst vil at det som har skjedd, skal bli verande i mørkret.

1983. 11 år etter at paragraf 213 i Straffelova blei fjerna ( Finder utugtig omgjængelse sted mellem personer af mandkjøn, straffes de, der heri gjør sig skyldige, eller medvirker dertil, med fængsel i indtil 1 aar..). Men det er framleis skammeleg og syndig i deler av samfunnet.  Og å vere ung homofil på bygda. Skam. Noko ein må teie om. Homofobar var det mange av. Aller helst må ein kome seg bort. Til større miljø. Dette er samstundes den tida då AIDS har begynt å spre uhygge. Eg hugsar kor redde vi var for å gå på offentlege toalett tidleg på 80-talet. Både i studiemiljøet eg gjekk i og i dei første åra eg var ferdig utdanna, var homofili noko eg møtte sjeldan. Når eg tenkjer på kommentarar frå mannlege kollegaer på den tida, så forstår eg at det ikkje var lett å heise flagg. Oppegåande menn syntes homofili var ekkelt og sa det. Høgt på arbeidsplassen. 

Agnes Lovise Matre skriv godt. Eg storkoste meg. Blei glad i Alvsaker, Lerke, Susanne og Thomas. Eg trudde stadig vekk at eg hadde taket på mordaren, men blei lurt. Alvsaker fann mordaren før meg. Det gode med denne krimmen er at det ikkje er brutaliteten som får størst plass, men menneska rundt og leitinga etter kva som eigentleg skjedde og kvifor.

Ser ikkje bort frå at eg må lese dei to første òg.

---

Tittel: Uvigslet jord
Forfattar: Agnes Lovise Matre
Språk: Norsk bokmål
Utgitt: 2021
Forlag: Gyldendal


Kommentarer

  1. Ja, denne likte jeg også godt. God krim:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, eg storkoste meg. Blir ikkje siste gongen eg les Matre

      Slett
  2. Kjekt at boken falt i smak, du må lese det andre Matre har skrevet, det er veldig bra :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, eg må det. Kjekt med krim der volden ikkje får alt fokuset.

      Slett
  3. Bra omtale. Jeg anbefaler bøkene til Agnes Matre. Så sett igang å les! Jeg skal lage en kort omtale i dag.

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Velkommen til å skrive dine kommentarer om boka/ bøkene dette innlegget handlar om