Åh, desse lesande og fiskande islendingane!


 Eg blir litt mo i knea av desse litterære islendingane. Her dreg dei på fiske med Dante i sekken. Fell i stavar over eit dikt midt i fileteringa og samstundes er livet så innvikla å finne ut av.

"Fiskene har ingen føtter" og "Omtrent på størrelse med universet" er to bøker om Ari, livet i dag, forfedrane og formødrene hans. Begge er samla i boka "Romanene om Keflavik" 

Eg har lese fleire bøker av Jón Kalman Stefánsson (Gutten, Sommerlys og så kommer natten, Historien om Ásta) og det er stor lesefryd kvar gong. Det var desse romanane òg. Eg flytta til Keflavik i tankane ein periode. Drog på fiske, var fortvila med med kvinnene som såg at fisket åt opp draumane. Samstundes som fisket var så viktig for den unge nasjonen. Sjansen til å greie seg sjølv, trass alt. Og eg heia på desse unge mennene med draumar og dikt i seg.

I Keflavik hadde amerikanarane militærbase. Det var eit svik å jobbe der, samstundes som det òg var ein draum om fridom der. På basen hadde dei andre drikkevarer, matvareutvalet var større osb. Islendingane kunne drikke sprit, men øl var forbode heilt fram til 1989!

I Keflavik finnes det tre verdenshjørner: vinden, havet og evigheten."

Hovudpersonen i bøkene er Ari. Vi møter han første gongen då alt har rase saman rundt han. Han har reist frå kone og tre barn og veit ikkje heilt kven han er og kva han vil. Han har tidlegare gitt ut ei diktsamling, men sluttar av med skrivinga av eigne bøker. Han dreg til København og blir redaktør for moderne sjølvhjelpsbøker. Han gøymer seg i eit travelt redaktørliv og vil helst gløyme. Men så blir faren alvorleg sjuk og Ari innser at han må reise til Island og sin eigen historie. 

For å forstå kven Ari er, må vi bli kjent med besteforeldra og foreldra og deira liv frå dei var unge med store draumar til dei døyr. For det som har varig påvirkning på mennesket, går i arv i generasjoner. Derfor kjemper ofte familier med de samme trollene, generasjon etter generasjon, helt til - og hvis - noen greier å bryte den onde sirkelen. Da sprekker trollene, det blir lettere å leve. Og dø.

Ari kjempar med trolla, vil helst vri seg unna, finne andre forklaringar på det som skjer. Får ikkje til å skrive for då må han ha noko å seie. For den som ikkje kan gje oss nye auge, gjennomlyse livsløgna, svika og urettferda, burde ikkje skrive. Vakre ord er ingenting verdt dersom de ikke gjør oss til bedre mennesker.

Stillheten, sier Tryggvi til slutt. Ja, sier Oddur. Tryggvi: Stillheten. Oddur: Ja ja. Tryggvi: Jeg tror jeg kan høre evigheten.

Men orkar han å snakke med den alkoholiserte faren som alltid har vore taus? Orkar han å møte livet han levde før han flykta. Eller var det ikkje flukt, men ei endring som måtte til i livet? Det er sterke historiar om det å vere ung, forelska, bli lokka, full og fortvila.  

... og fordi onkel ikke ser ut til å ha en anelse om at matoppskrifter har erstattet Maria-bønner, kokker har erstattet prester og psykologer. Har du mistet Gud? Kutt da en kylling i åtte deler, brun den i olje i pannen, krydre den med salt og pepper, strø ørlite hvetemel på bitene og la dem steke - mer senere.

Det er ein "jeg-person" som heng med Ari. Ein vitande forteljar. Han blir Skybert i forteljinga. 

Er det flukt? Jeg har spurt meg selv de samme spørsmålene. Det er rart, søster, at man ikke umiddelbart kjenner forskjellen på flukt og motet til å endre livet sitt. 

Å bli med Ari på reisa bakover og samstundes ha blikket framover var ei stor leseglede. Til ettertanke. 

Alel tekstar i kursiv er sitat frå bøkene.

----
Tittel for begge samla: Romanene om Keflavik (Fiskene har ingen føtter og Omtrent på størrelse med universet)
Forfattar: Jón Kalman Stefánsson
Originalspråk: islandsk
Omsett av: Tone Myklebost
Forlag: Press
ebok


Kommentarer