På vandring, lengtande og samstundes vitande. Patti Smith.


Patti Smith segla forbi syttiårsdagen sin (30.12.2016) og inn i det nye året med konfetti opp til anklane. Men før det må ho gjennom Apens år 2016.

Det er dette året verda blir merkelegare og merkelegare. USA, fridomslandet for mange, vel ein ny president. Ikkje akkurat ein Patti Smith ønska seg. Vi andre er vel framleis litt mållause til det som skjer. Mista verda USA?

Men så var det apens år, altså namnet på året etter kinesisk astrologi. Og Patti Smith. Eg innrømmer at eg ikkje er så vandrande innan punkrock så ho var ukjend for meg. Heilt til eg for nokre år sidan såg ho på tv. Trur det var Skavlan. Eg blei fascinert. For ei kvinne! Eg fann Sanka ull og blei dregen inn i landskap mellom draum og kvardag. Seinare fekk eg M.Train i gåve fordi boka hadde fått gjevaren til å tenke på meg. Då las eg på ein ny måte og tenkte på Patti Smith på ein annan måte. Eg fann musikken. Her var det noko som gjorde meg lyttande.

Eg har lese Just Kids, ei bok eg ikkje har blogga om, men det skal eg nok gjere for den gjorde meg eigentleg mållaus over Patti Smith. Eg har lese  Om å skrive. Og så altså denne. Denne tok tid. Ho fekk meg til å stoppe opp. Måtte reflektere over eigne møte med døden. Ho prøver å snakke med Sandy som ligg der og døyr. Prøver å nå inn til han utan å vere fysisk til stades. Brått var eg på 80-talet og dødsleiet til ei god veninne som ikkje skulle bli meir enn 25. Samtalane i natta med ei eg ikkje visste om høyrte det eg snakka om. Uroa hennar då eg slapp taket i handa. Vegen mot det endelege. Og trua på nye samtalar. Noko anna. Dette trengte eg tid på før eg kunne gå vidare i boka.

Så kom alle dei andre eg har mista. Eg måtte puste.  Og så dei eg kanskje mister snart. Alt dette måtte eg arbeide med medan eg las Apens år. Patti Smith skriv slik at eg er usikker på når ho er i draumar og når ho er i det verkelege livet. Eg er faktisk usikker gjennom heile boka. 

Det er to av deg, seier ho igjen og forsvinn ut av bildet. - Éin vandrar rundt i verda , éin vandrar rundt i ein draum.

Patti Smith er stadig på vandring. Dette er ikkje ei kvinne på 70 som bur i New York og har tenkt å vere der til ho døyr. Ho er ein vandrar. Ho og polaroidkameraet. Kanskje har ho dei fleste tinga sine ein stad, men ho er jamnt på reise. Ei av reisene er til Sam Shepard. Han blir vi òg kjent med i Just Kids (og ja, det er skodespelaren, regissøren og forfattaren Sam Shepard). Ein Sam som har ALS og som kjempar dei siste kampane i livet. Han døyr i 2017. Vi blir med i kampen for livet. Og etterlivet.

- Kva er eigentleg verkeleg når det kjem til stykket? spurde Sam for ikkje lenge sidan. - Er tida verkeleg? Er desse døde hendene meir verkelege enn hendene i draumar som kan kaste ein lasso eller snu på eit ratt? Kven veit kva som er verkelg, kven kan vite?

Patti Smith er blitt ei eldre kvinne. ho ser på livet, undrar seg, møter det med både fantasi og hard verklegdom. Ho er gamal og ho er ung. Klok og undrande. 

Eg anar ikkje om denne boka er god eller dårleg. Eg veit bare at ho sendte meg ut på ei reise som var full av kjensler. Og kanskje var ho heilt slik Patti Smith ville ha ho. Eller kanskje ikkje. Eg har i alle fall besøkt mine døde og hatt ein alvorsprat med livet.