Det store i det små

Eg starta litt undrande på boka om Klingsor. Kva var det Lindgren ville med denne sære typen? Men så var det noko der under. Ein kjærleik til denne sære, middelmådige, mislukka kunstnaren kraup inn under huden. Torgny Lindgren får verkeleg fortalt om det middelmådige så det blir stort.

Vi møter ein sær ung mann frå ei bygd nord i Sverige. Han finn eit glas som Gamleklingsor har gløymt igjen i skogen. Det er skeivt, men det har nok vore beint ein gong, meiner Klingsor. Sidan stubben den stod på var skeiv hadde glaset blitt skeivt for å rette seg opp og bli beint på eit skeivt underlag.

Dette er utgangspunktet for Klingsor. Han studerer glaset. Byrjar male det. Og etterkvart andre gjenstandar. Men bare gjenstandar. Stilleben.
Han byrjar på korrespondansekurs i teikning og måling. Etter kvart blir korrespondansen mellom læraren, Fanny, og eleven meir enn bare korte kommentarar om kunsten.
Ingen trodde at det skulle bli noe spesielt av ham. Og ville noen innerst inne bli noe spesielt? Stort sett forekom aldri noen tanker om storhet, hvem kunne nevne et eneste menneske som var blitt noe det ikke var fra begynnelsen av?
Cezanne
Klingsor reiser både til Stockholm og Paris og i sine auge studerer han der og skildrar det med glød til Fanny. For oss som står utanfor og observerer, ser vi ein mann som sit bakerst og er heilt anonym. Dei andre studentane trur det er ein vaktmeister. I Paris går han aldri inn, men står i porten og studerer dei framtidige kunstnarane og professorane. men han snakkar aldri med dei. Han har funne forma si og ser ingen grunn til å endre på det som er oppdraget. Men han er nær dei andre. Nær kunsten.
Klingsors reiserute var hans egen. Han hadde tegnet sitt eget europakart, han forble trofast mot det.
Klingsor held fast i det han kom frå. Han er trufast mot det han ser som oppdraget. Han utviklar seg minimalt. Han møter Fanny som ser det store i han og det gjer på mange måtar denne vesle mannen heil. Draumen får gå i oppfylling. Han blir sett om så bare av eitt menneske.

Han er ein raring. Lindgren gjorde meg glad i denne hjelpeslause mannen med eit kall han heldt seg trufast til same kva som skjedde i livet. Snakk om å skildre ein middelmådig, mislukka kunstnar med kjærleik og glede!

Kvifor eit bilete av Cezanne er med, forstår du når du les boka

.....
Dikting er ein underleg disiplin som kan få deg til å 
lura på det meste

Er Hoagland eigentleg frå Haugland? Var Pessoa bare 
ein einskild mann? Retta eigenleg det skeive glaset

til Gamleklingsor seg opp der ute i skogen?
Og er det ikkje dette som er diktinga si oppgåve:

Å få oss til å tvila til me trur
Å få oss til å spørja til me svarer
...
(utdrag frå Helge Torvund sitt dikt: "Tvila til me trur")

Alle sitat er frå boka viss det ikkje står noko anna

Forfattar: Torgny Lindgren
Tittel: Klingsor
Utgitt: 2015
Forlag: Gyldendal
Ebok.
 

Kommentarer