Lyset bak øynene - vi nærmar oss det moderne Finland

"Lyset bak øynene" er den andre boka til Tommi Kinnunen. Den første boka, Der fire veier møtes, lar oss møte ein familie i ei lita bygd nær grensa mot Sovjetunionen, nord i Finland. Det er ei spennande slektskrønike som strekker seg frå slutten av 1800-talet til rundt 1990.

I bok nummer 2 blir vi betre kjent med den blinde Helena. Ho blei som barn sendt vekk for å gå på blindeskole. Einsemda hennar og kampen for å greie seg sjølv, blir godt skildra. Helena er sterk og tøff og svak og fortvila. Alltid blikk på seg. Alltid nokon som gjer henne mindre enn ho er. Som trur at mister du ein sans, har du nok mista deler av hjernen og må handsamast deretter.

Den andre vi blir godt kjent med, var yngstemann og oldebarn av jordmor Maria i den første boka. No går han frå ungdom og til godt vaksen mann. Med sine løyndommar. Å vere annleis er ikkje lett på bygda, då er det lettare å pusten i byen. Slik mange framleis kjenner det. Her finn ein fleire som seg sjølv og kan leve meir anonymt.

Vi går inn og ut av rollar. Vi sloss mot rollar vi ikkje ønskjer oss, men andre vil ikkje sleppe oss ut av rollen. Mange kan nikke gjenkjennande til Helena si oppleving av å kome heim til foreldra.
Hver gang jeg kommer hjem, må jeg oppgi noe av meg selv og gå inn i noe som har vært, men ikke finnes mer. Her er jeg ikke en dame i femtiårene, men en som blir stilt overfor to muligheter, adlyde eller opponere. Nå er det enten barnerollen eller tenåringen, og jeg velger den første fordi det er den letteste veien og fordi begge fører til samme sted. Vi blir ikke voksne i en viss alder, men når det ikke lenger er noen å være barn for. 
Det er spennande å bli med Kinnunen fram mot vår tid. Kjenne på kor vanskeleg vi opp gjennom tida har gjort det for dei som ikkje passar heilt inn i A4-livet. Han skildrar godt einsemd og utanforskap.

Eg kjente sparket frå Tuomas. Kanskje er, til tider, vår toleranse bare utanpå. Kanskje gjev vi kvarandre for små kler. Kanskje prøver vi å forenkle den andre. Forresten, ikkje kanskje, for vi gjer det.

Gler meg til fleire bøker frå Finland og Kinnunen.

Kommentarer