Stjerneteikn, pentagram, seriemordarar og private problem.

 

Sist eg bestilte ei bok på Kindle for å få ho den dagen ho blei utgitt, var i 2018. Det var bok nummer fire om privatdetektivane Cormaran Strike og Robin Ellacott - Lethal White (Hvit død)- 15.september 2020 kom altså den 5.boka om Strike og Robin. Eg og kindlen min var klar.

Det viste seg å vere nærmare 1000 sider på til tider ganske så frodig engelsk. Ei utfordring. Det er nok detaljar i historia eg går glipp av, men eg får med meg nok til spenning og glede.

Etter fire bøker med Robin og Strike gleda eg meg veldig til å treffe dei igjen. Ville dei greie å finne ut av det med kvarandre? Strike har eksen sin som kan kunsten å dukke opp. Robin skal gjennom ei skilsmisse der eksen vil hemne seg. Strike er ikkje akkurat den som fortel kva han tenkjer på og Robin vil ikkje trenge seg på. 

Denne gongen skal dei løyse ei forsvinning som er 40 år gamal. Margot Bamborough var ein ung lege i St John. Ei dag går ho ut av legekontoret for å møte ei veninne på ein pub. Ho møter aldri opp og ingen har sett henne sidan. På den tida var det ein seriemordar i området. Då han blei tatt, innrømte han aldri drapet på Margot, men han nekta heller ikkje for det. Dottera var eit lite barn og faren ville aldri snakke om dette. No er dottera vaksen og vil vite. Dei fann aldri liket av mora. Kan Strike og Robin finne ut av det?

Dei får tilgang til ei notatbok den første etterforskaren brukte. Den er full av tolking av kva stjerneteikn dei ulike personane har. Her får personane namn frå astrologien. Denne etterforskaren var sjuk, men kan dei bruke informasjonen til noko? Kva var det han fann ut? Kan ein få folk til å hugse betre, kome på noko dei ikkje ville fortelje? Vi møter kvinnesynet på 1970-talet og i 2014. Robin arbeider i eit mannsmiljø. Dei er blitt fleire etterforskarar og å la seg leie av Robin er ikkje like lett for alle. Vi får bli med i fleire av dei mindre sakene firmaet arbeider med i tillegg til denne som krev heile året.

I Troubled blood kjem vi nærmare inn på oppveksten og familien til Strike. Han må reise frå firmaet for å vere saman med den dødssjuke tanta. Heimen til tante og onkel hadde vore det trygge i ei verd med ei mor som levde i hardaste laget og som heile tida var på vandring. Vi får òg nærmare innblikk i Robin sine problem med å få til eit skilsmisseoppgjer med Matthew. Og for oss som er blitt veldig glade i Robin og Strike er det jo ei spenning å følge med på dei to. Kan arbeidsfellesskapet bli noko meir? Vil eksen til Strike stadig dukke opp og øydelegge for noko som kunne blitt veldig fint? Vil Strike våge å satse på noko meir varig? Har dei det best som gode vener?

Eg storkoste meg med denne òg og gler meg til neste...

Dei fire første bøkene i serien om Strike og Robin er filmatisert av BBC og tre av dei er på HBO. Så er det bare å vente på at den 4. òg kjem snart til ein strømmekanal nær meg.



Kommentarer