Dei beste bøkene vi møtte i 2022- sa damene

 Ein gjeng fine damer sette kvarandre i stemne. Oppdraget var to bøker som dei møtte i 2022 og som dei ville fortelle dei andre om. Kanskje i håp om at dei òg fekk lyst til å lese bøkene. Det var ikkje krav til at bøkene måtte vere frå 2022. Nei, det var bøker som ein hadde møtt i 2022 som var det viktige. Vi reiste rundt i verda i fortellingane våre. Og det var politikk, kjærleik, død, biografi, fri fantasi....

Her kjem dei:

  • Lars Amund Vaage: Syngja (Noreg)
  • Robert Seethaler: Et helt liv (Austerrike)
  • Sidsel Vold: Landet som lovet alt (Midt-Austen/Israel)
  • Xinran: Himmelgraven (Tibet)
  • Tove Jansson: Sommerboken  (Sverige)
  • Beate Grimsrud: Jeg foreslår at vi våkner  (Noreg)
  • Parinoush Sanicee: Det som ventet meg (Iran)
  • Mustafa Can: Tett inntil dagene (Sverige- Tyrkia/Kurdistan)
  • Anna- Karin Palm: Jag vill sätta världen i rörelse. En biografi över Selma Lagerløf (Sverige)
  • Sven Egil Omdal: Byen som formet Norge (Norge)
  • Knut Hamsun: Sult (Norge)
  • Robert Ferguson: Gåten Hamsun (Norge)
  • Muriel Barbery: Pinnsvinets eleganse (Frankrike)
  • Valerie Perrin: Å vanne blomster om kvelden (Frankrike)
Og undervegs var vi innom Morgen i Jenin (Susan Abulhawa), Sovjetistan (Erika Fatland), Italienske sko (Henning Mankell), 304 dager (Simon Stranger) Et langsomt liv (Helen Sandvig), Før jeg brenner ned (Gaute Heivoll)...

Ei hadde gitt opp ei bok om den andre syntes var sterk. Hamsun fekk fart på kjenslene. Han er ei gåte. Sidsel Vold hadde fleire lese og den engasjerte.
Orkar eg å lese ei bok "alle" snakkar om?  Og som i tillegg har ei vekeblad framside?
Kanskje eit par av dei var julegåvetips?
Undervegs noterte eg opptil fleire bøker eg må sjekke ut i 2023.



Eg storkoste meg og er klar for nytt møte i desember 2023. Lurer på kva vi har lese då?

Kommentarer