Hvorfor lot du hesten bli igjen alene

 

Alle nyhende var fulle av det vonde som skjer i Midtausten. Krigen mellom Hamas og Israel. Ein krig som sterkt rammar det palestinske folket. Eg måtte ha andre røyster inn. Tilfeldig oppdaga eg at Klassekampen hadde lagt ut eit dikt av ein ukjent palestinsk forfattar, Mahmoud Darwish. Det stod at diktinga hans blei brukt til trøyst og håp. Eg måtte sjekke han ut.

På biblioteket fann eg to poesibøker omsett til norsk. "Det er en sang/Det er en sang" og "Hvorfor lot du hesten bli igjen alene". Eg brukte mest tid på den siste. Det var dikta i denne boka som fekk meg til å tenke, å kjenne, å trøyste og få håp. Sjølv om håpet kjennes langt unna no.

Tittelen "Hvorfor lot du hesten bli igjen alene" er eit spørsmål frå son til far. Dei har måtta bryte opp og har begynt på vandringa. 

-Hvorfor lot du hesten bli igjen alene?
-For å holde huset med selskap, gutten min.
For husene dør om beboerne forsvinner...

Det er dikt om kjærleik, om å sitte under fikentreet, om mødre med nøkkelen til huset rundt halsen. Det er sorg over å miste olivenlunden. Sorg over å vite at andre har tatt seg inn i husa. Tatt over heimen. 

Toget fór forbi.
på perrongen sto jeg og ventet
på et tog som fór forbi.
De reisende tok fatt på
dagene sine... og jeg
venter fortsatt.

Dikta gjorde eit sterkt inntrykk og er verd nokre lesetimar. Det var godt å få denne stemmen akkurat no.

I Brenner deler dikt (NRK radio) delte Sahara Muhaisen eit dikt av forfattaren. Diktet og samtalen finn du her .

--

Litt om forfattaren: Mahmoud Darwish er sett på som ein av dei framste palestinske diktarane. Han er òg ein av dei største av dei moderne arabiske poetane. 

Darwish blei fødd i al-Birwa, ein landsby aust for Akka i Galilea i 1942. Etter krigen blei landsbyen okkupert av israelarane. Dei bygde ein jødisk busetnad der. Mahmoud flykta saman med foreldra til Libanon. Dei vende tilbake og busette seg i ein annan arabisk landsby, Dayr al-Asad. Her vaks han opp. Etter vidaregåande arbeidde han som journalist i Haifa. Han melde seg inn i det israelske kommunistpartiet, Rakah. Han opplevd stadig å bli fengsla og trakkasert. I 1971 flytta han til Beirut. No arbeidde han for PLO. I 1982 flytta han til Kypros, seinare Tunisia, Jordan og Frankrike. Han fungerte heile tida som ein slags kulturminister for palestinarane. Darwish var ueinig i Osloavtalen fodri han meinte den var til skade for palestinarane si sak. Han arbeidde heile tida for fred og forsoning mellom folkegruppene i Israel/Palestina. Ein fred og forsoning som var bygd på menneskeleg og politisk likeverd og respekt for begge partar.
Han døydde i 2008.

---
Forfattar: Mahmoud Darwish
Tittel: Hvorfor lot du hesten bli igjen alene
Omsett frå arabisk av Anne Aabakken
Utgitt: 1994
Utgitt på norsk: 2002
Forlag: Solum forlag

Biblioteklån.