Det er lettare å hoppe etter Wirkola enn å døy etter Per Fugelli

Tor Åge Bringsværd er etter kvart blitt ein eldre herre og no nyttar han sjansen til å fortelje oss om korleis det er å bli gamal.
The day will come in your life, it will almost certainly come, when the voice of God will thunder at you from a cloud: 'From this day forth thou shalt not be able to put on thine own socks.' (J.Mortimer)
Dette er tekstar om store og små bekymringar i dagleglivet til ein eldre mann. Til dømes den dagen han oppdaga at han var blitt gamal. Då kroppen tok kontroll over viljen. Då han mista interesse for så mykje, fotballen, lystlesing. No les han ikkje for at det er moro, men for at det er nyttig for noko han er opptatt av. Verdsproblema får ungdommen ta seg av. Men å sitje i sola og filosofere, det må til sjølv om det er ungdommen som skal løyse problema.
Ingen kan gå seg vill i tiden. Men sitte fast, det kan vi. Sitte fast og ikke komme en time verken frem eller tilbake. Ingen vet hvor limet kommer fra. Men det kommer. Det kommer til oss alle.
 Han filosoferer over Dorotelefonen som er til å ringe ut med. Nattevandringa til eldre menn. Bokbading i Stavanger (der var eg og lytta på Bringsværd). Om å vere for tjukk. Om stadig å trenge hjelp til å opne posar, flasker osb. Er desse tinga bare laga for å erte ein gamal mann? Jakta etter bøker han veit han har, men kor er dei igjen? Korttidsplanlegging... Og kor vil eg gravleggast? Eller er det så viktig? Sjølvsagt tenkjer han på døden, men han er ingen Per Fugelli. Han ønskjer den ikkje velkommen. Så her må det vitaminer, vonde drikkar og knekkebrød til

Ei lita bok frå ein som prøver å vere grinebitar, men som har så mykje livsglede at det bare er å gje seg over. Eg humra, sette strek her og der og kjem garantert til å sitere frå boka i ny og ne.

Kommentarer

  1. Så fint å lese! Jeg har stor sans for Bringsværd og hans filosofier, og tenker at dette virker å være ei flott gavebok til noen litt oppi åra:) Fortsatt god påske til deg og dine!

    SvarSlett
  2. Ja, dette er ei gåvebok til nokon du er glad i og som er litt opp i åra!
    God påske!

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Velkommen til å skrive dine kommentarer om boka/ bøkene dette innlegget handlar om