Sterkt, mørkt og stort frå Sør Korea

Det er bøker som magen forstår og hjernen framleis grublar over. Han Kang har skrive ei slik bok. Vegetarianeren  sit fast inni meg og eg blir ikkje ferdig med ka den eigentleg handla om.

Boka startar med at verdas kjedelegaste kone blir vegetarianar. Eller rettare sagt ei heilt gjennomsnittleg kone blir vegetarianar.
Før hun ble vegetarianer, hadde jeg aldri tenkt på min kone som bemerkelsesverdig
Her hadde mannen gifta seg med henne, ikkje fordi han hadde vore særleg tiltrekt av henne, men han fann eigentleg ikkje særlege manglar. Men så har ho altså ein draum og kastar alt kjøt. Yeong-hye vil ikkje ete det meir. Etter kvart byrjar ho å oppføre seg meir og meir utanfor den aksepterte norma. Ho vil ikkje ha sex med mannen. Han voldtar henne. Ho er ikkje lenger den gode kone som foreldra har oppdratt henne til. Ho blir meir og meir ekstrem i veremåten.
Jeg visste ingenting om denne kvinnen. Jeg visste virkelig ingenting. Det var tanken som plutselig falt meg inn.
 Boka er delt i tre. Første del blir vi presentert for Yeong -hye og familien. I andre del møter vi svogeren, ein videokunstnar som blir heilt besett av Yeong-hye. Særleg av fødselsmerket på kroppen hennar. Begjæret byrjar styre kunstprosjektet og grensene for ka som er kunst, pornografi og vold er uklart. Har vi no gått forbi alle grenser?

I del 3 møter vi søstera, In-hye. Familien vil ikkje ha meir med Yeong-hye å gjere. Men In-hye meiner ho har ansvar for systera, som no er definert som alvorleg sjuk. Yeong-hye vil bli ein del av jorda. Mest av alt eit tre. Først forstår In-hye lite av det som har skjedd med systera, men så byrjar det å slå sprekker i den historia ho har laga om livet sitt.
Hun trodde på sin egen godhet som menneske, og i tråd med denne troen skadet hun aldri noen. Hun var arbeidsom, og hun lyktes på sitt vis, og slik ville det alltid være. Likevel forsto hun det ikke. Foran de rustne brakkene og det overgrodde gresset var hun ikke annet enn et barn som aldri har levd. 
 Steinar Sivertsen i Stavanger Aftenblad kalla boka ein psykothriller.Eg er einig sjølv om eg ikkje tenkte på thriller då eg las. Her er ingen svar. Her er det vi som må arbeide vidare. For ka handla boka om? Begjær - avsky, galskap - besettelse, vald - sjølvald?
Boka er kompleks. Eg blei driven vidare inn i noko eg ikkje forstod med hjernen, men som sugde meg til seg. Denne er annleis, mesterleg og vil stå som ei av dei sterkaste i år.

Den første boka eg las av forfattaren var Levende og døde. Den sit der enno som ei av dei beste eg har lese og no kjem denne i tillegg. Han Kang er eg ikkje ferdig med.

--
Forfattar: Han Kang
Tittel: Vegetarianeren
Omsett frå koreansk av Vivian Evelina Øverås
Forlag: Pax
År: 2018 (original i 2007)
Ebok

Kommentarer

  1. Fekk lyst til å lesa. Har ikkje lese noko av Han Kang

    SvarSlett
  2. Les! Det er bøker som set seg fast.

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Velkommen til å skrive dine kommentarer om boka/ bøkene dette innlegget handlar om