Byen som forma Norge - Stavanger altså.

 

Sven Egil Omdal har skrive ei historiebok om Stavanger. Og samstundes den norske historia sett frå sørvestlandet. 

I 2025 skal Stavanger feire at byen er 900 år. Det er ein av dei eldste byane i landet. Omdal tar ikkje for seg alle 900 år, men dei siste 200 åra. 

Byen er vendt mot havet. Det er på havet og av havet byen har funne sin rikdom og møtt sine nederlag. Blikket har og er vendt vestover og utover.

" Intet så rummelig som havet, intet så tålmodig. På sin brede rygg bærer det lik en godslig elefant de små puslinger der bebor jorden; og i sitt store kjølige dyp eier det plass for all verdens jammer. Det er ikke sant at havet er troløst; ti det har aldri lovet noget: uten krav, uten forpliktelse, fritt, rent og uforfalsket banker det store hjerte - det siste sunne i en syk verden." Skreiv Alexander L. Kielland. Slik har Stavanger opplevd havet.

På 1808 -kokte i fjorden. Silda var tilbake! Først gjekk fisken til å nære folket i ei tid der Napoleonskrigen raste og hundrevis av sjøfolk var i engelsk fangenskap. Etterkvart gjekk det meste til eksport. 

Vi møter haugianarane som er nøysomme og praktiske. Det blei etterkvart så mange av dei i byen at det var bedehus overalt og kvinner preika like mykje som menn. Det var kamp på Stortinget om å få vekk luksusskatten på tomater. Det var kamp om å få jernbanen hit. Jæren kunne jo mate nesten heile landet, bare vi fekk frakta varene ut.

Lars Oftedal kjem ein ikkje utanom. Høvdingen, presten og redaktøren som var meir på venstresida poltisk enn presteskapet austpå. Det låg heile tida radikale trådar i lekmannsrørsla i byen. Ein kjem ikkje unna Arne Rettedal heller. 

Stavangerflint. Design Inger Waage
Byen har vore leiande i industrialisering og internasjonalisering av norsk økonomi.

Vi får opprør. Bjelland. Bergesen King Oskar brisling. Rosenberg Verft. Smedvig. Kielland. Kvekarar. Haugianarar. Avhaldsrørsla. Fattigdom. Misjonsskolen. Rettedal. Oljeungane. Phillips. Statoil. Red Adair. Amerikansk macho-kultur. Vi får Stavangerflint. Vi får starten på det som etterkvart blei SV, men som i Stavanger blei ei kobling mellom kommunisme og kristendom. Og mykje meir som eg ikkje nemner her.

Og no skal olja fasast ut. Så då kan byen spørre seg "Ka då, itterpå?". Kva skal byen satse på? Kan byen vere i førarsete eller fell den tilbake i det grå som før? Desse spørsmåla stiller Omdal seg.

Eg har bruk tid på boka. For meg var det ikkje ei bok eg las frå A til Å i ei lesing. Eg måtte tenke, måtte la det synke og prøve å hugse det eg kunne av den norske historia (ofte sett frå austnorsk vinkel). Då eg kom til mi eiga levetid, dukka det opp så mange minner. Ekofisk som vi fulgte ut fjorden frå båten vår, Troll. Statfjord.. Blow-out på Bravo. Alexander Kielland plattforma. Oljefedrene. Glede og sorg.

Sven Egil Omdal kan det med å skrive ei historie med både fakta og fortellingar. Eg har smilt, undra meg, lært mykje og spreidd både den eine og den andre historia rundt meg mens eg las.

Eg tilrår med stor glede!

---

Tittel: Byen som formet Norge
Forfatter: Sven Egil Omdal
År:2020
Forlag: Kagge forlag