Landet som lova alt

 

Israel. Landet vi lærte om frå vi var barn. Landet dei aller fleste av oss har eit forhold til. Landet Jesus vandra i. Det heilage landet. Det lova landet.

Eit land eg veit mykje om. Og lite om. 

I 2015 gav NRK journalisten Sidsel Wold ut boka Landet som lovet alt. Min israelske reise. No har eg lese den. Og lært mykje nytt og fått stadfesta at eg visste litt.

Då Sidsel Wold var ung, ville ho bli indianar eller jøde. Det blei lengsla mot Israel og jødedomen som blei sterkast. Ho reiser på Kibbutz og er der i fleire år. Tilbake i Oslo er ho aktiv med i arbeidet for å få fram Israels sitt syn på konflikten (konfliktane) i Midtausten. Ho går i synagoga og vil konvertere til jødedommen.

Vi får følge henne på reisa frå overbevist om at Israel har rett i det styresmaktene gjer, til å kjenne at det blir vanskelegare og vanskelegare å forsvare alle handlingane. 

Undervegs blir vi kjent med Israels historie. Med idealistane som drøymte om eit eige land. Idéen om at dei var eit folk utan land som kom til eit land utan folk. Noko som absolutt ikkje stemte. Eg les om dei som hadde budd her før 1948 og dei som kom frå konsentrasjonsleirane. Om askenaser, mizrahim og sfaradim. Jødar som kom frå det gamle Sovjetunionen, frå Europa, frå Afrika... Ein jøde og ein jøde var ikkje alltid det same.

Gjennom boka møter vi storpolitikken og enkeltmennesket. Den religiøse busetjarane, dei ultraortodokse, dei uønska, dei sekulære, dei kritiske, dei som har budd i landet i generasjonar før 1948, USA, ulike lover for ulike innbyggarar og mykje meir.

Det er spennande lesing. Det er interessant lesing. Det er fascinerande lesing. Og det er skremmande lesing. 

Sju år etter er det framleis okkupasjon og låste konfliktar.


Eg tilrår!

----

Tittel: Landet som lovet alt. Min israelske reise
Forfattar: Sidsel Wold
Forlag: Spartacus
År: 2015

Lånt på biblioteket

Kommentarer