Opnar døra i språket og går ut

 

Helge Torvund: Opnar døra i språket og går ut

Eg har ei stund levd med ei gul bok og ei blå bok. Den gule er mykje tjukkare enn den blå, så den ligg på spisebordet og blir spist til frukost. Den blå har reist til Spania. Har blitt med til sengs. Har avslutta ein fuktig kveld. Har starta ein ny dag. Har vore med i kvardagen. Både her og der.

HIT
Så kom eg fram
til den viktigaste dagen
av alle
Kvardagen

Av og til har eg lese nokre liner. Andre gonger heile dikt. Eg har stoppa opp og smakt på ord og formuleringar. 

Å falda saman det som er her
med det som finst i det opne

Ofte når eg les dikt, skriv eg i margen og markerer i oversikta kva dikt eg likte godt. Men her oppdaga eg at eg kunne markere dei fleste. Det er formuleringar, bilete og frydefulle ord i alle dikta. Eg tar meg i å spise dei. Nyte dei.           

Her er magisk matte, nattevandring, tidlege morgonar, månelandskap, fuglar, katten, det motsette av krig. Håp, tru og kjærleik. Her er levd liv. Her er.

Eg har ikkje mykje meir å seie. Anna enn at dette er ein skatt og eg tilrår med heile meg. 

Pst - visste du forresten at:

Nå har eg nyleg lært at ein bonde
oppbevarer månen på låven sin om 
dagen og slepper han ut igjen om
kvelden. Det er ikkje alle som er 
klar over det.

----
Tittel: Opnar døra i språket og går ut
Forfattar: Helge Torvund
Forlag: Aschehoug
År: 2023

Kommentarer

Legg inn en kommentar

Velkommen til å skrive dine kommentarer om boka/ bøkene dette innlegget handlar om