Tre heilt ulike bøker og tre gode forfattarar

 Dette innlegget skal handle om tre heilt ulike bøker. Kanskje er det einaste dei har felles er at eg likte dei veldig godt. Og alle tre er av forfattarar eg les med glede. Og alle tre har eg lese på same tid.

I alle tre er møte med menneske, møte med seg sjølv  og dei vala ein tek eller ikkje tek i livet, sterkt til stades.


ÅSNE SEIERSTAD: AFGHANERNE

Før i tida var det Carl Gustaf Grimberg som skreiv historiebøker som fekk folk til å lese historie. Han fekk fram dramaet på ein måte som folk likte. Då eg studerte historie, blei vi stadig minna om at Grimberg sine historiebøker kunne vi ikkje stole på. Vi måtte lese dei meir høgverdige (og kjedelege) bøkene av ymse professorar.

Eg tenkte på Grimberg då eg las Afghanerne. Seierstad diktar ikkje opp liv og drama i historiar som er mange hundre år gamle. Det ho gjer likt Grimberg, er at ho får oss til å lese meir, bli meir kjent med det som skjer og har skjedd. I barndommen var "Historien om..." -bøkene dei som verkeleg fekk meg kjent med interessante menneske. Helen Keller, Marie Curie, Florence Nightingale, Eleanor Roosevelt...  Det var spennande lesing.

Åsne Seierstad treff den same nerva. Ho er ein meister i litterær reportasje. Eg blei kjent med Afghanistan gjennom "Bokhandleren i Kabul". Skremt av indoktrinering og fanatisme i "To søstre". Og no. For eit innblikk i Afghanistan, historia og folka! 

Vi møter Jamila. Ho er fødd i 1976. I 1979 går Sovjetunionen inn i landet. Vi møter Bashir. Han er fødd i 1987, Sovjetunionen trekk seg ut av landet i 1989. Og vi møter Ariana . Ho er fødd i 2000, året før terrrorangrepa i USA 11.september 2001.

Tre ulike liv og tre ulike historiar. Jamila som kjempar seg til ei utdanning. Ho arbeider for kvinnerettar i eit land der kvinna skal sjå ned, halde seg innomhus og lyde mannen.

Bashir som blir ein glødande Taliban og terrorist. Han er ein ganske sjarmerande mann. Men er ein krigar med heile seg. Vi møter òg kvinnene i livet hans. Dei som lagar bilbomber på kjøkkenet. Eg tenkte mykje på Simon Stranger si bok 304 dager. Bashir blir han som ligg i fjellsidene og gjer livet utrygt for soldaten frå Noreg. Kontrasten mellom bønn, tilbeding, undertrykking, drap og draumen om paradiset. I religionen. I alvoret til mennene. Og i viljen.

Den tredje vi møter er Ariana. Ho har i heile livet opplevd at jenter kunne gå på skole, studere, få jobb, sjå på Netflix og lytte på vestleg musikk. Eit halvår før ho er ferdig jurist raknar verda hennar. Afghanistan blir overtatt av Taliban. Sharia skal stå øverst. Kvinner skal heim, bli lydige og føde barn.

De var alle blitt innprentet av skolen var den gylne porten, av fedre som var gatefeiere, av fedre som solgte brød over disk, av mødre som ikke kunne lese en oppskrift. De skulle få et bedre liv en dem. Nå hadde de mistet all kontroll over livet sitt.

 Tre menneske som går kvar sin veg. Og eit land i krig.  Jamila får plass på eit fly ut av landet. Bashir blir ein av vinnarane og Ariana får beskjed om å gifte seg. 

Eg tilrår - dette er ei sterk og viktig bok!  

-----

Forlag: J. M. Stenersen
Utgitt år: 2022
Språk: Norsk (bokmål)
Sider: 470

------------------------------------------------------

AUDUR AVA ÓLAFSDÓTTIR: SVANER BLIR IKKE SKILT

Tenk deg at mannen i ditt livet gir deg eit glas champagne, fyrverkeria smell rundt dykk. Han ser på deg og seier at han går i frå deg, Han er forelska i ein mann. Verda hennar rasar saman. Korleis skal ho ta opp kampen? Det skulle jo vere dei to. Resten av livet. Tankane hennar. Det ho gjer. Perla i underetasjen. Naboen ved sida. Og adopsjonen dei var i gang med. Kan ein trekke seg frå slikt? Det er eit barn som kan få eit heilt nytt liv eller framleis vere stua bort på ein fattig barneheim. Skal dei tenke på seg eller på den ukjente?

Dette er ein roman det er ein fryd å lese. Og som får mange tankar i sving. Kva veit vi om kvarandre? Kva ville vi gjort i pressa situasjonar?

Om jeg får gi deg et godt råd; ta ned julepynten. Det vil gjøre deg godt. Å ta ned julepynt minner om det å ta farvel med en gammel venn eller avslutte et kjærlighetsforhold som uunngåelig måtte ta slutt fordi begge var lei av det, men så følger en blanding av sorg og lettelse

 Eg tilrår!

Og tipsar med glede om andre bøker av same forfattar: Frøken Island, Arr og Stiklingen

----

Forlag: Pax
Utgitt år: 2022
Omsett frå islandsk til norsk bokmål av Tone Myklebost
Sider: 274

------------------------------------------------------------

TOMM KRISTIANSEN: GUDSORD FOR TVILERE

Denne boka er vel den som har mest felles med begge dei to andre. Her er tru. Her er menneske med håp. Her er menneske som går på trynet. Og menneske som reiser seg.

Tomm Kristiansen døde brått i november 2022. Han var ein stemme eg lytta til. Han kunne fortelle. Afrika slutta å vere fattigdom og elende, men blei full av menneske med spennande historie og rik kultur. Det var så mykje menneskekunnskap og varme i fortellingane. 

Kristiansen var ikkje bare ein stor journalist som fortalte frå den store verda, han var òg ein som ofte hadde andakten i NRK. Andaktar som var til å lytte til same om du trudde eller ei. Det var ord til ettertanke.

Seksten kveldar i februar kraup eg til køys med "Gudsord for tvilere". Eg høyrte stemmen til forfattaren inni hovudet mitt mens eg las. Tenkte. Og blei glad. Her var mennesket, jorda og himmelen over.

Det er noe ved Jesus som gjør meg forlegen. Han er ikke en du tar med deg ut. Han blir ikke nevnt i noen kantine. Ikke på barer jeg har besøkt. Ikke på fest. Jesus passer ikke for nordmenns religiøse berøringsangst. Tro er for spesielt interesserte, noe for de lukkede forsamlinger. 

 Kva trur eg på? Og kven er Gud, for meg? Dette undrar han seg over i tekstane sine. Dette Gudsbilete og menneskesynet som er her, er så totalt annleis enn det eg møtte i boka til Seierstad. 

Når denne dagen er over, skal jeg fylle mitt vinglass og skåle med Vårherre, slik jeg pleier, i takknemlighet over at han har gjort knuste, gjærede druer til en hellig drikk. Iallfall i min religion. Vinen er kristenhetens kjæreste minne om frelseren. Vin kommer av jord, og smaker av himmel.

Eg tilrår!

Andre bøker eg har skrive om med Tomm Kristiansen som forfattar: Afrika - en vakker dag  og Da Gud skiftet mening

---

Forlag: Verbum
Utgitt år: 2017
Språk: Norsk bokmål
Sider: 83

Kommentarer

Legg inn en kommentar

Velkommen til å skrive dine kommentarer om boka/ bøkene dette innlegget handlar om