304 dager av Simon Stranger

Eg hadde eigentleg bestemt meg for at eg ikkje skulle lese denne boka. Det var nok av tunge ting å tenke på. Tenkte eg. men så blei eg lokka til Sølvberget og litteraturkveld med Simon Stranger.  Og dermed gjekk eg ut døra ei bok rikare.

Sumaya Jirde Ali og Simon Stranger
Kva var det som tende meg den litteraturkvelden? Kanskje var det ein forfattar som så engasjert fortalte om boka? Kanskje var det fortellinga om Nicholai som Stranger skriv om. Han som av og til hadde vore med forfattaren på skolebesøk fordi han ville sette fokus på psykiske helse.

I alle fall eg fekk meir og meir lyst til å lese.

Boka 304 DAGER handlar om Nicholai som har PTSD (posttraumatisk stressliding) etter å ha vore soldat for NATO i Afghanistan. Han kjenner seg så trøytt når han kjem heim. Er ikkje engasjert i noko. Han får ikkje sove. Får sosial angst. Venskap ryk. Kjærasten orkar ikkje meir av han. Han får panikk midt på gata, i butikken osb. Det kan vere ei bildør, ei rask rørsle. Brått er han midt i krigen og reagerer ut frå det. Dagane og nettene er til tider som ein mørk tunnel han ikkje kjem ut av.

 Nicholai orkar ikkje meir og bestemmer seg for å avslutte livet. Dette fortel han mor. Ho forstår, men ber han gje henne meir tid. Ein siste jul, greier han det? Jo, han lover og bestemmer seg for ein onsdag i januar. Han skal altså halde ut 304 dagar. Det kjennes som om det lettar bare det å vite at det vil ta slutt ein dag. At mor forstår.

Så er vi i gang med 304 kapittel. Nokre er svært korte, andre lengre. Vi får glimt av oppveksten til Nicholai. Livet før reisa til Afghanistan. Livet i Afghanistan. Heile døgnet med redsle for at no er det slutt. Sjå fienden i augo. Eller er det eigentleg fienden? Kven skapte Afghanistan som fienden? Var det afghanarar som planla og førte flya inn i dei to tårna 9.11.01? 
Eller var det enklare å velge dette landet som fienden enn Saudi-Arabia? 

Stranger går tilbake i historia til både Afghanistan og andre land i dette området. Det er interessant lesing. Vi møter kulturar som har levd saman, men som blir sett opp mot kvarandre. Vi møter familiar som lever sitt fredelege liv i Afghanistan, men som etterkvart blir Taliban-soldatar. I fortviling og hat over det som skjer med dei. 

Boka er ein roman. Nicholai finst og har fortalt historia si, men forfattaren har hatt fridomen til å skape fiktive personar og hendingar ut frå det kjeldene har fortalt. Men dei er hans fiktive historie. Det er eit godt grep.

Den første sida i boka:

Hele menneskeheten
er én kropp
å skade andre
er bare å skade
seg selv. Når du ikke leter etter 
feil hos andre, vil de svare ved å
vise frem sin sårbarhet.
(fra Frukthagen av Saadi Shirazi, 1257) 

---

Eg går ut i hagen min. Steller med plantene og ser våren kome. Og tenker på at i ein by i eit anna land var det eit anna menneske som gjekk i hagen sin og gledde seg til våren. Og brått låg framtida i ruiner. Kva er det vi held på med? Vi som helst vil stelle med plantene, høyre fuglesong og sjå barn springe rundt i fryd over livet? 



Eg tilrår!

----

Tittel: 304 dager
Forfattar: Simon Stranger
Forlag: Aschehoug
År: 2021



 

Kommentarer

  1. En fantastisk velskrevet bok som ga inntrykk i lang tid etter at den var lest. Stranger er god, syns jeg.

    SvarSlett
    Svar
    1. Einig. Eg er stadig innom boka i tankane og samtalar.

      Slett

Legg inn en kommentar

Velkommen til å skrive dine kommentarer om boka/ bøkene dette innlegget handlar om