Ka er eigentleg sant? Eventyrforteljaren Tor Åge Bringsværd


Men den som forteller, bør vite forskjellen, selv om han også vet - og det er alle fortellingers innerste kjerne - at ting slett ikke er usanne fordi om de aldri har hendt.
Tor Åge Bringsværd har alltid halde fast på at ting ikkje er usant sjølv om det aldri har hendt. Myter og forestillingar kan ha like mykje sanning og innsikt i seg som den sosialrealismen han har protestert mot heile livet. Slik er det framleis.
"Når du minst venter det" kallar han for ein fragmentroman. Og kanskje er den det for boka er full av små forteljingar og perler.
Alle som lengter hjem, lurer seg selv. For det finnes ikke noe annet hjem enn din egen kropp, den du alltid sleper med deg.
Vi er på 1300-talet. Pietro, tenaren til Marco Polo, er blitt ein eldre mann. Han bur no i Yazd, ein persisk ørkenby. Han høyrer ikkje til her, men hamna her tilfeldig. Han er ein uyghur. I Yazd er dei fleste muslimar, men det er ei lita gruppe som tilhøyrer ildfolket. Eit folk han kan søke ly hjå.
I denne byen finn han seg to gode vener. Den eine er utan tunge, den andre er dekka med pels. Begge er lyttar og kan samtale med han på sin eigen måte.

T. Å. Bringsværd les for publikum på Kapittel 19, Stavanger 
Pietro fortel frå livet saman med Marco Polo, diktar historiar og skapar lys og liv rundt seg. Samstundes lever dei i ei utrygg verd der dei fleste kan vere fienden din. Vi får innblikk i religionskonfliktane, stammekonfliktane, røvarbandar, krigerske herskarar og eventyrarar. Vi får sjå den Pietro som var lært opp til å forsvare Marco Polo og som no ser seg som ansvarleg for den vesle flokken han har i denne byen.

Eg storkoste meg saman med Pietro. Måtte stadig ta fram blyanten og sette ein strek i margen. Dei linene må eg ta vare på. Og dei. Og dei...
Et minne er ikke en kopi av det som har skjedd, det er aldri en nøyaktig gjengivelse av noe avsluttet og endelig, men tvert imot et bilde som aldri kan bli helt ferdig - og som vi i tankene bestandig vil arbeide videre med.
----
Tittel: Når du minst venter det. Fragmentroman
Forfattar:  Tor Åge Bringsværd (Norge)
År: 2018
Sider: 208
Forlag: Cappelen Damm
 


Kommentarer