søndag 10. februar 2019

Anything is Possible - eller kanskje ikkje

Den tredje Elizabeth Strout boka måtte jo lesast på engelsk då ho skulle med på reise til utlandet. Minuset med det er at eg fort går glipp av undertonane i gode bøker, plusset er at eg får utfordra engelsken. Fordelen med å lese engelsk på Kindle er at eg kan trykke på ord og få ordforklaringar som hjelper meg vidare.
Yvonne's sandals, with high cork wedges, made her even taller. They gave away to Linda the fact that Yvonne had, in her youth, most likely not come from much. Shoes always gave you away.

Denne boka er bok nr 2 i Amgash-serien. Den første er "Jeg heter Lucy Barton" . Bok nummer to er om det same miljøet og fleire av dei same folka. Vi får oppvekst i fattigdom, foreldre som er stygge med eigne barn, vold, avvisning. Vi får dei som greier seg, som på amerikansk vis lukkast i livet. Men greier dei å bli fri frå fattigdomen? Frå kjensla av å vere ingen? Vere skitten?
Jan Askelund i Stavanger Aftenblad har overskrifta "Keep smiling ligavel". Eg syns den passar godt.

Elizabeth Strout gjer litt av det same som ho gjer i "Olive Kitteridge ". Kvart kapittel er ei lita novelle, men personane knyttar seg til kvarandre på ein måte at du ikkje får heilskapen før du har lese alle. Forfattaren syner oss ulike personar som er knytta til denne vesle staden Amgash. Korleis dei har overlevd. Her er alt frå å rømme frå fortida, fortrenge, til å bli gåande i elendet.
Og er nå alt muleg? Lucy Barton, suksessrik forfattar, besøker barndomslandet sitt og blir eit skikkeleg dementi på at alt ikkje er det. Ho har lukkast, men er ho lukkeleg? Er ho alltid ei lita fattig, oversett jente innerst inne?
she saw Shelly Small as a woman who suffered from the most common complaint of all: Life had simply not been what she thought it would be. Shelly had taken life's disappointments and turned them into a house. A house that, with the clever use of the right architects, had managed to stay within the legal code yet became a monstrosity as large as Shelly's needs
Eg likte dei to første bøkene til Strout og eg heier framleis på forfattaren. Les.

--
Tittel:Anything is Possible
forfattar: Elizabeth Strout
Språk: engelsk (USA)
Forlag: Penguin
År: 2017
ebok

1 kommentar:

Birthe sa...

Virker som gode bøker, takk for tips :)