Digital melankoli

Antoine Compagnon har skrive bøkene "En sommer med Montaigne", "En sommer med Proust" og "En sommer med Baudelaire". Bøker som har fått mykje skryt, men som eg må innrømme framleis ligg og ventar på ein sommar der framme.

Boka "Digital melankoli" er innlegg han har hatt i Huffington Post. Her filosoferer han over krykkene sine. Det vil seie alle dei digitale dubbedingsane han er avhengig av og korleis dei pregar livet og heile den digitale verklegdomen vi lever i.
Treng vi intuisjon i denne digitaliserte verda? Kvifor må kommentarfeltet alltid misforstå ka ein meinte? Går det ann å kjempe mot wikipedia når dei meiner dei har den korrekte meininga om deg?

Eit av innlegga er om eit musikkstykke av John Cage. Nemleg 4'33'' (1952). Fire minutt og trettitre sekund stille. Fiksar du så mykje utan at noko skjer? Så samanliknar han det med den moderne verda. Er ikkje 4 minutt og trettitresekund cirka det som er ideell tidslengde i den moderne verda? Video på YouTube, TED-førelesing...

Det er òg eit herleg innlegg om Power Point og det å øydelegge noko som kunne vore eit spennande foredrag.
Compagnon er fransk og opptatt av språk. Svært gjenkjenneleg er bekymringa over all engelsken som på verkar fransken. Små ord som forsvinn. Teikn som blir brukt på feil måte. Og som alle ler av at han er bekymra for. Men med desse små orda forsvinn nyansane. Det du kan seie nøyaktig på morsmålet, blir unøyaktig når engelsken rotar seg inn i morsmålet utan refleksjon.

Boka har mange gode innspel til diskusjon, men er kanskje òg eit døme at blogginnlegg ikkje automatisk blir gode i bokform. Boka kan med fordel lesast med pausar mellom innlegga.
Lett å lese, men eg har ei kjensle av at det forsvann fleire poeng i oversettinga til norsk. Eg sakna fotnoter frå omsetjaren.
Hvordan skal man holde foredrag uten Power Point? Hvordan sykle uten GPS? Hvordan kjøre bil uten TomTom? Her om dagen kom vi til byen Cortona, i solskyggen under åskammen, mens den digitale damen fortsatt påsto at vi hadde flere kilometer igjen, som om hun ville oppfordre oss til å ta en omvei via Perugia. Vi slo av lyden på den tåpelige papegøyen.
---
Tittel: Digital melankoli (Petits spleens numeriques)
Forfattar: Antoine Compagnon (Frankrike)
Forlag: Solum forlag
År: 2016
Omsett av: Agnete Øye

Kommentarer