Rosestiklingar og menneskestiklingen

Audur A. Olafsdottir fekk Nordisk litteraturpris for boka Arr. Den har eg lese og fryda meg stort over. Les gjerne blogginnlegget om boka.
Eg begynte på Stiklingen med høge forventningar. Og blei bittelitt skuffa. Heilt til eg såg at det var fleire år mellom desse bøkene og at Stiklingen er frå 2007. Hadde eg lese denne først, ja då hadde eg jubla. Det er bare det at Arr og hovudpersonen Jonas hadde fått ein ekstra plass i hjarta.

Stiklingen heiter Afleggjarinn på islandsk. Det hadde vore like godt på norsk.

Men no gløymer eg Jonas i Arr og blir kjent med Lobbi som elskar roser og drivhuset til mora. Han tar med seg tre sjeldne rosestiklingar frå hagen og reiser til eit søreuropeisk kloster. Her har han lese at dei har ein fantastisk rosehage. Det viser seg at hagen er ein skugge av seg sjølv, men Lobbi ser rosene og har grønne fingrar så sakte skjer det under i hagen og  munkane løfter blikket frå bøkene. I tillegg til han som finn det meste av vegleiing i livet i gamle filmar.

Det var dette drivhuset. Han hadde hatt ei halv eller var det ei kvart natt med Anna i dette drivhuset. Og det førte til ein avleggar. Anna og avleggaren, Flóra Sól, dukkar opp i den vesle landsbyen. Her skulle han gruble på ka han ville bli i livet, så blir han kasta inn i rolla som far, Og ka er kjærleik? Det skjer noko med mennesket når det møter eit barn med ope blikk. Nokre av skildringane til forfattaren er så vakre at eg kunne flytte inn i dei. Tenk å få skape ein rosehage.

Vakker, varm og poetisk. Det er noko under der.

--
Tittel: Stiklingen
Forfattar: Audur Ava Ólafsdottir
Land: Island
Språk norsk (bokmål)
Forlag: Pax

Kommentarer

  1. Åh,denne boken er fin altså! Det samme er "Arr" også forøvrig. Holder faktisk på med "Frøken Island" av samme forfatter og liker den sålangt. Det er en spennende forfatter, ingen tvil om det.

    SvarSlett
  2. Frøken Island må eg få med meg. Ja, det er noko lett i tekstane hennar som får meg til å leite etter det under. Litt feelgood, men som lurer oss litt. Det er noko meir der.

    SvarSlett
  3. Fin omtale av en stemningsfull roman.

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Velkommen til å skrive dine kommentarer om boka/ bøkene dette innlegget handlar om