Både trass og tru

Bjørn Eidsvåg er frå Sauda, har fått bedehuset og kristendommen inn med morsmjølka. Her har han det godt. Dei vaksne har mykje omsorg. Han trives der. men så kjem ungdomstida, popmusikken og spørsmåla. Då er det ikkje like lett å vere ein del av bedehusmiljøet. Folkets hus freista...

Bjørn vel å studere teologi, praktiserer på Lier psykiatriske sjukehus, men blir meir og meir rockepresten. Ein tittel han ikkje liker. Men å arbeide med musikk trives han med.
Trua grublar han over. Kva trur eg på? Kan eg stå for dette?

Eg opplever han som ein mann som kanskje mest av alt kunne tenkt seg å slutta å tru, men så vil liksom ikkje trua sleppe taket i han. Altså måtte han ta tak i ka det er han trur på og ka det er han kan stå for. Han er fascinert over opprøraren Jesus. Av han som seier at kjærleiken er størst. Større enn oss. Tru er engasjement og tillit.
Av og til verkar det som om songtekstane har tak i hjarta hans, medan han sjølv rotar rundt i hjernen på leit etter trua. Tekstane loddar djupare.

1.Joh.4.16: "Gud er kjærleik, og den som blir i kjærleiken, blir i Gud og Gud i han."
Vi menneske kan ikkje leve utan illusjonar, forteljingar, draumar og tru, meiner Eidsvåg.


Eg las "Det andre namnet" av Jon Fosse samstundes med denne. Dei spegla kvarandre. To heilt ulike bøker som grubla rundt, tru, draumar, livet og kunsten.

Det er interessant og gjenkjennande å lese.

Språket i boka er til tider kjedeleg. Det blir veldig rettlina. Litt som dei gamle stilane vi skreiv. Men alt i alt: verd å bruke tid på.

---
Tittel: Tro og trass
Forfattar: Bjørn Eidsvåg
År: 2019
Forlag: Aschehoug
e-bok


Kommentarer

  1. Godt nyttår Aud Venke!
    Jeg fikk endelig lagt deg inn på bloggrullen min, så nå blir det nok flere besøk av meg hos deg :)
    Bjørn Eidsvåg besøker ofte Bergen, og sammen med en venninne som er stor fan, går vi på mange av konsertene hans. Har sett denne boken men ikke vurdert den, før nå. Takk for flott lesetips!

    SvarSlett
  2. Så kjekt! Og godt nytt år!

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Velkommen til å skrive dine kommentarer om boka/ bøkene dette innlegget handlar om