Barndom - denne dommen vi alle tar med oss.

Dette er ikkje ein tekst om ei bok, men tankar rundt fleire. Temaet er barndom.
 
Barndommen tar vi med oss. Kanskje dei åra som pregar oss aller mest.
Alle har vi vore barn og alle har vi med oss sigrar og nederlag frå barndommen. Nokre har opplevd det som ei tid der dei blei sterke og klar for livet, andre ei tid full av kjensla av nederlag. Noko dei sloss med kvar dag framleis. Det rare er at dei same opplevingane kan vere siger og nederlag. Det du kjente at gjorde deg sterk, gjorde søster di meir sår. Det som var stor smerte for deg, var bare eit lite blaff for bror din. Vi manglar skalet. Alt treff rett inn i sjel og sinn.
Nokre seier dei hugsar ingenting. Andre hugsar altfor mykje. Nokre kan aldri tilgje, andre vel å leggje barndommen bak seg og gå vidare. Vi har så mange måtar å overleve desse viktigaste åra på. Og ingen av oss er like. 

Det er studier om eldstebarnet og ansvarskjensla. Om han i midten som må slåss både oppover og nedover. Om attpåklatten som blir forkjæla. Om..om... Kanskje kjenner du deg igjen i rolla som nokre gjev deg, kanskje ikkje. Eg veit at det ikkje er ei bok som fortel om korleis barn nummer ni skal ha det etter oppskrifta. Men eg skal love at det er ein eigen veg det òg. Eg var ikkje lik nummer åtte eller ti. Eg var meg. Noko som kan vere ei eiga utfordring når flokken er blitt stor. Sjølvsagt er historia til den førstefødde og den niandefødde heilt ulik. På alle måtar.

Eg les Alf van der Hagen si samtalebok om Suzanne Brøgger. Boka er så vidt påbegynt så eg kjem til å skrive meir om ho seinare. Men den første delen om barndommen blei lesen samstundes som eg ser på serien The Crown. 
Suzanne Brøgger opplever ei sjuk mor og ein etterkvart fjern far.Foreldra skil seg. Det kjem ein stefar inn i bilete. Men det er mor. Den sjuke. Den det er synd på. Den barnet må vere vaksen for å hjelpe. Mor som gret så høgt at det er umuleg å vere i rommet. Skal denne mora få "bemektige seg hele virkeligheten."? Suzanne har kjent seg som utkåra. Ho var den førstefødde. Den som blei elska. Men det blir òg henne dei har forventningar til. Den som må ta ansvar for den vaksne.

Samstundes ser eg altså Netflix-serien "The Crown" og får lyst til å halde hardt rundt prins Charles. Ein ung mann som kanskje er for forsiktig og sart for det livet som han skal inn i. Far meiner i alle fall at sonen må herdast på same måte som han sjølv. Utan å tenkje på at dei er ulike og kanskje vil takle det ulikt. Charles skal gjennom mobbing, harde fysiske utfordringar, avvising og einsemd velsigna av foreldra. Han skal bli ein sterk mann. Fem år i helvete. Det er rett og slett vondt å sjå på korleis eit system tar knekken på eit barn for å skape det barnet dei vil ha i sitt bilete. Eg får nesten lyst til å klappe den gamle prins Charles på kinnet og seie: Nyt alderdommen. Eit land går glipp av ein konge som kunne endre det, men du er endeleg fri.
Eit barn som ikkje får vere seg, men som skal bli noko andre forventar. Ikkje så brutalt, men eg hugsar dei som då vi var unge, fortalte om at dei måtte sitje på kristelege møte i timesvis då dei var barn fordi foreldra meinte det var rett. Dei hata det. Eg har òg sett to ulike måtar å takle det på som vaksen. Den eine måten er å gjenta det dei hata. For som vaksen har dei konkludert med at det var sunt det dei opplevde. Som prins Philip.

Tankane går vidare til "Fanny og Alexander" av Ingmar Bergman. To barn som skal oppleve ein mørk kristendom utan kjærleik. Bare straff. Dei blir redda av ei mor som etterkvart ser og andre som òg ser og vågar å handle.

Frans Kafka skreiv eit brev til faren. Eit brev faren nok aldri las. Eit brev som ikkje var tenkt som brev. Kafka skriv om det å aldri vere god nok. Kjensla av skam. Brevet skildrar godt kva barndomen gjorde med han som vaksen. Les gjerne denne teksten om boka.

Eg skreiv nyleg om Stein Mehren og essaya. Han skriv òg om ein oppvekst der han måtte vere vaksen for mor si og kva det gjorde med eit barn og ein ungdom. Du kan lese om essayet her. Stein Mehren kallar essayet ei skisse til den romanen han aldri vil skrive. Andre brukar heile livet til å bearbeide oppveksten. 

Eit barn er avhengig av dei vaksne dei får tildelt. Dei vaksne har med seg sin eigen barndom som bagasje. Det er ikkje lett å vere klok då. Frå engelsk kostskolepedagogikk til curlingforeldre. Å finne den rette balanse for akkurat det barnet. Å greie å sjå individet. Alexander Kielland med "Gift" og Jens Bjørneboe med "Jonas". Vi er ikkje ferdig med oppveksten. Kvifor er det så mange barn som får ein diagnose? Relasjonsskade. Ungar på leit etter identitet. Kanskje det ikkje er fleire enn før bare eg som er blitt gamal og undrande? 

I går las eg det norske folkeeventyret "Det blå båndet". Tenk deg å få tak i eit band som gjev deg krefter til å kjempe i mot at mor og stefar syns du er i vegen. Til å temme kreftene. Til å stå i mot. Men så finn dei kor du hentar styrke frå og tar det frå deg. Du blir blinda og kasta på sjøen. Men guten har temma dei ville kreftene i seg og dei blir til ny styrke. Resten får de lese sjølv. Men eventyra har i seg barnet som finn ut av det. Barnet som kjempar seg fram og vinn. Stadig vekk undrar eg meg over all den visdommen som er overlevert oss frå eventyra.

Så sit eg her og prøver å samle meg om tekstar om barndom medan radioen pratar i veg. Om akkurat det same! Olavsfest i Nidaros. Vestfrontmøtet i dag 02.08.2020 er eit møte om ære. Anders og Christine fortel om oppvekst i Oslokirke. Far er Jan Aage Torp. Her er det kontroll og frykt. Dei skildrar ein barndom og ungdom i eit ekstremt kristeleg miljø. Foreldre som sikkert med ei meining om at dette er det beste for barna, fører dei inn i ei redsle for helvete og at djevelen lurer rundt kvar sving. Det er òg eit møte med ei som lagar film om å bli fri frå den det ho kjente som ei muslimsk tvangstrøye. Ho laga filmen "Hva vil folk si". Verkeleg eit program å lytte til. Dette er òg oppvekst i dag.

Så mange måtar å leve med barndommen sin. Og samstundes vite at vi, med eller utan eigne barn, er med å prege neste generasjon av barn. Som foreldre, slektning, nabo, lærar.... Det er nesten nifst.

Kommentarer

  1. Veldig interessant lesing, Aud Venke! Hurra for deg!👏👏
    Ps. Har aldri tenkt på barndom som en dom(!)😱
    Ikke desto mindre er jeg glad for at jeg gjennom en lang lærerkarrière fikk være forsvarer, og ikke aktor, i møte med de mange ulike, men unike barn(dommer)... 😊

    SvarSlett
  2. Takk, Anne Ki.
    Ein dom er ganske sterkt uttrykk, men barn møter både aktorar og forsvarar i fleire former i løpet av barndommen. Mange får diverre for mange møte med aktor i den tida dei skal formast til å stå på eigne bein. Å lese om oppvekst gjer meg meir og meir klar over kor mykje opplevingane dei åra sit fast i kropp og sjel. Og kor vanskeleg det er å bli fri.

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Velkommen til å skrive dine kommentarer om boka/ bøkene dette innlegget handlar om