Northanger Abbey av Jane Austen

 Jane Austen ( 1775-1817) er vel mest kjent for Fornuft og følelser ((Pride & Pejudice) og Stolhet og fordom (Sense & sensibility) .

Northanger Abbey er den første romanen Jane Austen gjorde ferdig for publisering. Boka blei seld til ein bokselgar i London i 1803, men han bestemte seg for å ikkje gje ho ut. I 1817 kjøpte broren Henry boka tilbake for same beløp som den var seldt for. Det er tydeleg at bokselgaren ikkje visste at Austen hadde gitt ut fleire bøker i mellomtida.

Eg har sett og kost meg med fleire av bøkene til Austen som filmar, men må innrømme at eg ikkje har lese dei. No blei eg frista av den nye omsettinga og den fine utgåva til  Skald forlag. Bare sjå på framsida kor mykje den fortel. Bøker som kjelde til opplysing? Opplysing som blir skjult under ei kyse? (jfr. Matteus 5.15: Ingen tenner ei oljelampe og set henne under eit kar. ). Romanar som overtek for tankane?

I Northanger Abbey er Catherine Morland hovudpersonen. Ho er 17 år og eit av ti born i Morlandfamilien. Naboane, herr og fru Allen tar Catherine med seg til Bath slik at ho kan bli kjent med nye folk og oppleve noko anna enn heimbygda.

Ho var glad i alle slags guteleikar, og ikkje berre likte ho cricket betre enn dokker, men også betre enn dei meir heroiske småbarnsgledene som å stelle mus, mate kanarifuglar eller vatne rosebuskar.

Catherine vaks opp som ei gutejente. Nysgjerrig og lite opplært i koketteri. Møtet med Bath blir ein augeopnar på mange måtar. Ho får seg ny veninne, går på ball og møter menn som viser henne interesse. Catherine er både ærleg og høfleg. Er ikkje heilt trent i å seie det folk vil ha henne til å seie og er lite flink til å lese mellom linjene i samtalar med andre. Det er så ein kan kjenne seg igjen i Ho blir forelska i Henry Tilney, men det blir ikkje utan forviklingar for den nye veninna, Isabelle, og broren  hennar, John Thorpe, set stadig Catherine i situasjonar der ho må gå på tvers av det ho eigentleg meiner er rett.

 Ho er så full av romanar at ho ser seg som ein hovudperson i ein gotisk roman. Særleg er det "Mysteria på Udolpho" av Ann Radcliffe som fyller hjernen. Når familien Tilney inviterer henne til å bu hjå seg på Northanger Abbey, blir det nesten for mykje for henne. Ho lagar seg ei historie om både død og uhygge.  Sjølvsagt med hemmelege gangar og mystiske kommodar.

Austen tar opp samfunnets latterleggjering av romanar. Menn les faktalitteratur. Romanar er for kvinner til tidtrøytte. Ho tar opp koketteriet i sosieteten. Å finne kjærleiken eller å gå etter pengane. Ho kommenterer undervegs både forma, språket og Catherine. 

"Eg er ingen romanlesar . Eg opnar sjeldan romanar - Tru endeleg ikkje at eg les romanar - Dette er vel bra nok for ein roman."

Eg les boka som satire over overklasselivsstil og kjønnsroller, men òg som ein parodi over den gotisk populærlitteraturen. Austen utleverer menn sine privilegium og kvinnelege tåpelegheiter.

Boka var ein fryd å lese og i desse tider der vi ser teikn på at det ikkje bare er i land vi ikkje vil samanlikne oss med, at menn vil ha kontroll over kvinna igjen, kanskje litt viktig.

Tilbake til framsideillustrasjonen av Andreas Töpfer. Ta av kysa og lys.

Omsettinga til Marie Nedregotten Sørbø er til å kose seg over.

Eg tilrår.

---

Tittel: Northanger Abbey

Forfattar: Jane Austen
Utgitt: 2022 ( original 1817)
Omsettar: Marie Nedregotten Sørbø
Forlag: Skald Skald klassikarserie

Kommentarer

  1. Eg kjøpe Skald si utgåve, men endte opp med å høyre romanen på engelsk i Københavns gater. Så festlig og tatt på kornet.

    SvarSlett
    Svar
    1. Vandrande i Bath skulle du jo vore ;)

      Slett
    2. Det har du heilt rett i ;-)

      Slett
  2. Denne fikk jeg lyst til å lese, alltid kjekt med sterke kvinner og satire😄

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Velkommen til å skrive dine kommentarer om boka/ bøkene dette innlegget handlar om