Humor, villskap og Zazie i Paris.


Raymond Queneau(1903-1976) var totalt ukjent for meg. Men eg fekk eit tips som frista, så dermed blei eg med Zazie og sjonkel Gabriel på ein burlesk tur i Paris.

Boka, Zazie på metroen, er frå 1959 og forfattaren er fransk. Boka blei det definitive gjennombrotet hans. Queneau var aktiv med i den surrealistiske rørsla frå 1924 til han bryt ut i 1929. I 1930-åra er han involvert i den kommunistiske kretsen rundt Georges Bataille. Han starta verkstad for potensiell litteratur. Han har arbeidd som journalist, laga filmar, skrive songar osb, Ein aktiv mann, altså.

Så var det Zazie. Ho er 10 år og skal vere hjå onkel Gabriel i Paris ei helg for mora skal besøke den nye kjærasten. Zazie store draum er å reise med metroen, men der er det streik så ho kjem seg rundt på andre måtar. Det blir ei vill reise gjennom gatene. Med taxikompisen til Gabriel, litt i ein turistbuss, til fots og i full fart på rømmen. Det startar ganske så fredeleg med ei frekk jente, ein onkel, ein taxisjåfør, bartendar og ein skomakar. Vi opplever bygatene i Paris med gateselgarar, sladrekjerringar og fine fruer. Etter kvart sklir det over i det fantastiske. Her endrar folk seg, kanskje skiftar dei kjønn, i alle fall identitet. Til og med djevelen stikker innom. Zazie si reise gjennom Paris blir ei danningsreise frå barn til ungdom. Og ei språkreise. 

Queneau ønska å fornye det franske språket. For å sitere omsettaren si innleiing: "Når man vet at skriftbildet i det franske språket er så godt som uendret siden slutten av 1500-tallet, og gjenspeiler uttalen på 1200-tallet, er ortografien i Zazie på metroen egentlig ikke særlig radikal. I tillegg til en del sammentrekninger og konsonantreduksjoner, samt forfranskninger av engelske lånord, begrenser Queneau bruken av sin egen "ny-franske" ortografi til noen små drypp på hver bokside, (....). Mest av alt framstår bruken av "ny-fransk" som en lek, som ikke binder forfatteren til et bestemt sett av former, men tvert imot virker frigjørende og lar forfatteren skape et eget, personlig språk, fullt av pussige innfall og morsomme ordspill, men også med sine egne interne, meningsbærende referanser."

Språket fekk meg til å le godt sjølv om det nok er mange referansar som gjekk meg forbi. Boka kan nok lesast på ulike måtar: som rein underhaldning, som eit litterært språkprosjekt, som folkelivsskildring, som probelmatisering av kjønnsidentitet, som skildring av det absurde i tilværet, som skildring av puberteten... eller noko heilt anna.

Boka er blitt filmatisert og Zazie er blitt eit begrep i Frankrike.

Eg storkoste meg og tilrår den gjerne til den som vil ha humor, villskap, språkleik og mykje meir.

----

Tittel: Zazie på metroen (Zazie dans le métro)
Forfattar: Raymond Queneau
Utgitt: 2004 (på fransk 1959)
Forlag: Solum
Omsett av: Thomas Lundbo

Boka er lånt på biblioteket.