Kva er det norske? Fins det?


 I 2019 kom tekstsamlinga som kronprinsesse Mette Marit og Geir Gulliksen er redaktør for, ut. Eit utval av forfattarar var spurt om kva som er det norske og kva det norske er for dei. Boka, Hjemlandet og andre fortellinger, fekk blanda kritikk og har ikkje frista meg særleg. Men så låg ho framfor meg og eg hadde ferie.

Forordet er ein samtale mellom redaktørane om litteratur og det dei tenker på som det norske. I denne samtalen tolkar og kommenterer dei tekstane vi skal til å lese. Dermed legg dei føringar til vår lesing. Kanskje skulle det heller vore eit etterord?

Så kva er det norske? Å bli lik dei andre? Skikk og bruk? Vestlandsvegar. Slitet. #Shetoo og #metoo? Makta sitt blikk og begjær? Mangel på streben? Fattigdom? Hamsun? Språket? Kanskje alt dette.

Forfattarane skriv godt, men det er få som får meg til å stoppe opp.

Karl Ove Knausgård sitt blikk på barndomslandet i tittelessayet "Hjemlandet" var kjekt å lese. Om det å hugse akkurat når du er ein stad. Ikkje før du kjem dit, men når du er i akkurat det landskapet, den svingen osb. Det var gjenkjenneleg. Tankane rundt Hamsun og Nørholm er òg med her.

Den teksten som står støypt, er Dag Solstad "Kan man ødelegge  et nasjonalt språk? Er det nødvendig?" Kven er eg om språket mitt forsvinn? Og kvifor svorskar austlendingen straks dei høyrer svensk? Svensken gjer ikkje det same sjølv om han arbeider i Oslo. Undrar Solstad. Er austlendingen meir svensk enn hen er vestlending? Men altså kven er eg om språket mitt forsvann? 

Solstad er kanskje den einaste som svarar direkte på oppgåveteksten? 


Eg tilrår essayet til Dag Solstad og essayet til Karl Ove Knausgård.

---

Tittel: Hjemlandet og andre fortellinger
Redaktørar: HKH. Kronprinsesse Mette- Marit og Geir Gulliksen
Forlag: Aschehoug
År: 2019

Kommentarer