Kvitleik av Jon Fosse

 Innlegg på facebookveggen min 3.april 2023:

Eg bloggar om bøker.

Men.
Det er ein forfattar eg ikkje får til å blogge om. Han treff meg i magen, i sjela, ja i heile kroppen. Og korleis skal eg formidle slikt fornuftig?
No har han treft meg i magen, i sjela og heile kroppen igjen. Det blir neppe eit blogginnlegg.
Men.
Finn ein eller fleire du er glad i. Set dokker ned. Opne boka "Kvitleik". Ja, det er Jon Fosse. Opne sjela. Og kjør.
Les høgt for kvarandre. Ta til høgre og venstre. Kjør dokker fast. Stopp opp. Ta gjerne ei setning på ny. Boka har både punktum og komma. Ver ikkje redde. Men livet er fullt av spørjeteikn. Dei får du sette sjølv. 
Helst bør lesinga bli ferdig den eine dagen. Det går fint for boka er kort. Det gjorde eg. Det gjorde vi.

For vondskapens englar er jo òg lysenglar, kanskje skin alle englar kvitt, både dei gode og dei vonde. Eller kanskje er alle englar både gode og vonde, for slik kan det vel òg vera."

Og eg undrar meg. Kor langt inn kan han gå den mannen. Utan å .....

----

Dette blei bokmeldinga 


___

Tittel: Kvitleik
Forfattar: Jon Fosse
Forlag: Samlaget
År: 2023
Sider: 63

Kommentarer