Å vere ein annan - Pessoa i praktform

Dag Solstad tok med seg dei aller viktigaste bøkene når han pendla mellom Berlin og Oslo. Ei av dei var Fernando Pessoa: Uroens bok. Ei bok eg har blogga om tidlegare. Eg skreiv der at eg forstod Solstad. Pessoa er ein forfattar ein ikkje blir ferdig med.

15.april 2023 les eg eit innlegg i Klassekampen. Forfattar og journalist Mustafa Can skriv om "Menneskets uerstattelighet". "Jeg tenker ofte på et menneske jeg ikke veit noe mer om enn at hun har vært til - og kanskje ennå er det. Det er en gåtefull følelse å bruke nesten like stor tankekraft på et fremmed menneske som på et menneske som på et menneske som du kjenner navnet, alderen og levnetsløpet til. 

Men en av disse vakre vårdagene blar jeg, som jeg så ofte gjør, i en av de ytterst få bøkene jeg sørger for alltid å ha innen rekkevidde, Fernando Pessoas "Uroens bok" - og det som lenge var så gåtefullt, framstår plutselig om noe helt selvinnlysende."

Han òg, tenkte eg. Og var midt i den skatten eg ikkje har lyst til å reise i frå. "Å vere ein annan - poesi og prosa i utval"

Fernando Pessoas forfattarskap er ein portugisisk nasjonalskatt. Og det er ei skattejakt å dykke ned i det livsverket som på slutten av livet hans var ei stor kiste full av papir, Dei over 25.000 sidene gav gåter som enno ikkje er løyste. Og det er frå dette skattkammeret omsetjaren Øystein Vidnes har valt ut tekstar. Dette har blitt til ein skatt av ei bok! 

Pessoa skreiv om det moderne sjølvet. Han plukkar oss frå kvarandre og studerer dei ulike delane, Det er framandt og veldig kjent det han ser. Det er sprikande og perfekt. Eg stoppar opp. Eg undrar meg. Eg ler. Eg forstår brått noko eg ikkje har hatt ord for. Eg blir fortvila. Og eg set strekar og markerer i boka. For det må eg hugse. Og det. Og det.. 

Vinden blæs utan å vite det./ Planten lever utan å vite det./  Eg lever òg utan å vite det, men eg veit eg lever./  Men veit eg at eg lever, eller veit eg berre at eg veit det?/ Eg blir fødd, lever, eg døyr ved ein skjebne eg ikkje styrer, eg føler/ eg tenkjer, eg rører meg ved ei kraft utanfor meg./Så kven er eg? (- Alberto Caeiro)

 Pessoa bruker ulike identitetar når han skriv. Det vi kallar heteronym. Dei har visst funne 136 ulike. Men dei største er:

  • Gjetardiktaten Alberto Caeiro
  • Futuristen Álvaro de Campo
  • Klassisten Richardo Reis
  • Den inneslutta drøymaren Bernando Soares 
Han bruker humor. Ganske avvæpnande, sjølvironisk, men mørk humor.

Forfattaren levde frå 1888 til 1935. Han levde eit stille liv som kontorist i Lisboa. I dag er han rekna som ein av dei store modernistane, på linje med James Joyce, Franz Kafka og Virginia Woolf.
Tallause liv bur i oss; / eg tenkjer og føler, uviss / på kven som tenkjer og føler. / Eg er berre den staden / der det blir følt og tenkt. (- Richardo Reis)

Ein gong hadde mange Maos lille røde. Eg har fått Pessoas gode gule!  Dette er ikkje ei bok ein set seg ned og les frå A til Å. I alle fall kunne ikkje eg det. Det er ei bok ein les i heile tida. Eit dikt og to, litt prosa. Og så må det tenkast litt. Og så les eg litt til. Rett og slett ei bok som godt kan vere i nærleiken. Heile tida.

Eg tilrår!


-----

Tittel: Å vere ein annan. Poesi og prosa i utval
Forfattar: Fernando Pessoa
Omsett av: Øystein Vidnes
Forlag: Skald forlag (klassikarserien)
År: 2022


 

Kommentarer

  1. Veldig kjekt å lese dette innlegget ditt, jeg husker jeg leste litt av innlegget i Klassekampen, men noe avbrøt, og jeg fortsatte ikke.

    SvarSlett
  2. Pessoa er ein som tydlegvis pregar mange forfattarar.

    SvarSlett
  3. Jeg har lest en del av Pessoa, en spennende forfatter. Og så har jeg en liten magnet med bildet av ham på, som jeg kjøpte i Lisboa for mange år siden, som pryder et metallskap over kjøkkenbordet mitt:)

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Velkommen til å skrive dine kommentarer om boka/ bøkene dette innlegget handlar om