Lucy ved havet og Rahel i skogen. To kvinner og to bøker

 Elizabeth Strout er ei av dei som det er ein fryd å oppdage at har kome ut med ny bok. Og rett før påske oppdaga eg "Lucy by the Sea". Eller "Lucy ved havet" som boka heiter på norsk. Eg lasta ned boka på originalspråket (amerikansk) til Kindlen min og drog på ferie.

Eg kjenner hovudpersonen, Lucy Barton, godt. Før denne har det kome ut tre bøker om henne "Jeg heter Lucy Barton", "Hva som helst er mulig" og "Åh, William". Lucy ved havet er fortsetjing av Åh, William.

Lucy bur i New York. Det er våren 2020. Eksmannen, William, vil ha henne med ut av byen. Det er ikkje trygt i New York. Dei er eldre og det er eit virus som kan bli farleg. Lucy forstår ikkje alvoret. Men William, som er forskar, ser farene og får henne med seg ut av byen og til eit hus han har leigd i Maine. Lucy er nyleg enke og William er skilt for tredje gong. Dei har to vaksne døtre saman.

Planen er at dei skal vere der eit par veker. Det blir mykje lenger. Lucy slit med å konsentrere seg. Ho tenker på folk i New York. På leilegheita og dei som er igjen i byen. 

Ho slit med å finne seg til rette. Kjenner seg einsam og greier ikkje skrive. Heldigvis får ho god kontakt med han som skaffa dei huset i staten Maine, Bob. Han lyttar, i motsetnad til William. Ho har kontakt med døtrene. Er såra når dei ikkje har tid til å kontakte henne. Når dei lever eit liv ho ikkje får vite om.

William får kontakt med halvsøstra si og blir engasjert i eit nytt prosjekt. Han er full av iver og engasjement. Gleda han har over å få forske vidare sjølv om yrkeslivet nærmar seg slutten er ein fryd å lese.

Lucy må tenke over kva som er viktig for henne. Kva treng ho i livet? Kven treng ho i livet?

Who knows why people are different? We are born with a certain nature, I think. And then the world takes its swings at us.

Lucy er nær. Ho ser seg sjølv i ettertid og undrar seg over kor lite ho skjønte. Vi kjenner på dei skeptiske blikka til bygdefolket når byasane har rømt frå byen og går i gatene deira. Det er synda som går rundt og sprer smitte. Og vi kjenner einsemda og søkinga etter meining.

Dette er ei bok eg tilrår. Saman med alle dei andre bøkene om Lucy.  Elizabeth Strout svikta ikkje denne gongen heller.

Ein dag i påskeferien fann eg "Åpen bok" - podkasten og programmet til NRK. Oppdaga at dei hadde eit program om denne boka. Sette meg ned og lytta. OG blei interessert i ei bok av ei, for meg ukjent tysk forfattar. Med Kindle er alt eit tastetrykk unna så brått var eg i gang med neste bok.

Men først - lenke til Åpen bok bokmeldinga: USA i pandemiens kjølvann 

---

Så neste bok:

Brannen av Daniela Krien. 

Rahel og mannen Peter skal bu på landet i tre veker og stelle hus, hage og dyr for nokre i familien. Dei slit med forholdet til kvarandre. Ho er psykolog og har mykje å gjere no når pandemien gjer at mange, særleg unge, treng psykolog å snakke med. Peter underviser i litteratur ved universitetet. Begge er frå det gamle DDR og har mange tankar rundt det moderne Tyskland. Dei bur i Dresden og har to vaksne barn og to barnebarn.

Det er Rahel vi blir kjent med og så ser vi personane rundt henne ut frå hennar synsvinkel. Mellom anna hennar frustrasjon over mannen Peter som ikkje er den fyrrige mannen på 55 som ho drøymer om. 

Vi får eit innblikk i dagens debatt om biologisk kjønn og opplevd kjønn. Peter seier, som god tyskar, til ein student "Frau P..". Ho eksploderer og vil ikkje bli definert på denne måten. Ho er ikkje-binær. Han blir hetsa på facebook og twitter. Begge forstår ikkje heilt kvifor reaksjonane må bli slik. Dei orkar ikkje lese så mykje meir i avisene. Oftare og oftare opplever dei at deira eigne erfaringar ikkje stemmer med det dei les.

Det hender hun spør seg om ikke hele psykologien er et gedigent feilspor - en tidsåndpreget diagnostisering av alminnelige sjelelige tilstander.

Ho er stolt over sonen og frustrert over dottera. Dottera som aldri greier å fullføre noko, men som krev ganske mykje frå foreldra. Dei skulle hatt meir pengar, dei stiller for lite opp, dei er for strenge med barnebarna, dei følger ikkje med i tida, dei,,,, osb. 

Her er mange situasjonar å tenke meir over. Eg forstår frustrasjonen til Rahel og eg kjenner meg igjen i lesegleda og opplevinga av å leve nær naturen som Peter opplever.

Av og til syns eg forfattaren ventar litt for lite av lesaren og blir overtydeleg. Om det er omsetjinga eller frå originalen veit eg ikkje, men eg noterte meg det mens eg las. Det irriterte meg likevel ikkje så mykje at eg ikkje fekk lyst til å lese meir av Daniela Krien. Eg har alt lasta ned ei bok til.

Begge bøkene har pandemien som bakteppe. Strout er nok ein klasse over Krien, men Krien er leseverdig ho òg.

Eg tilrår.

------

Tittel: Lucy by the Sea
Forfattar: Elizabeth Strout
Språk: Amerikansk
Forlag: Penguin
År: 2022
ebok

(Norsk: Lucy ved havet, 2023. forlaget Press)

---

Tittel: Brannen
Forfattar: Daniela Krien
Originalspråk: tysk
Omsett til norsk av: Ute Neumann
Forlag: Forlaget Press
År: 2021 (2022 på norsk)
ebok




Kommentarer

  1. Høres ut til å være bra bøker. Noterer ned på biblioteklista mi!

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Velkommen til å skrive dine kommentarer om boka/ bøkene dette innlegget handlar om