Og no har altså Lucy fortalt om eksmannen William. Og om seg sjølv. Om å kome frå ingenting og kjenne på det heile tida. Same kor rik og kor stor klassereisa er. Og eksmannen som oppdagar at livet ikkje var slik han trudde. At mor ikkje har fortalt sanninga. Har han verkeleg ei halvsøster? Vil han vite? Og kva mor er det som reiser frå babyen? Kvifor kjem mor i draumane og øydelegg nettene? Vil han få fred om han veit? Kanskje det beste er å finne seg ei ny kvinne? Eit nytt liv. Gløyme fortida? Bli travel igjen. Ikkje bli pensjonist for då får han så god tid til å tenke. Korleis reagerer døtrene på at far rotar det til, igjen?
Mener jeg ikke Åh, Alle, Åh kjære Alle i hele denne vide verden, vi kjenner ingen , ikke engang oss selv. Bortsett fra at vi gjør det bitte litt.
Boka er ein fryd. Eg vil gjerne ha meir om Lucy.
Vil du lese dei første bøkene om Lucy Barton? Eg har skrive om dei
Og viss du vil lese kva eg har skrive om Olive:
Eg tilrår alle bøkene.
--
Forfattar: Elizabeth Strout
Omsett frå amerikansk; Hilde Rød Larsen
År: 2022
forlag: Press