Tre kvinner: Den eine ung, den andre gamal og den tredje - heile livet

 

Tre ulike bøker, men med det til felles at dei handlar om kvinner.

Den første, er den unge kvinna. Norma i Rune Christiansen si bok Saken med den tapte tidens innfall. Ho har nyleg mista mora og ho er i ferd med å skille seg frå mannen Jonathan. Norma bestemmer seg for å feriere på den øya som faren bur på. Ho kjenner straks ho kjem til øya at det skjer ting ho ikkje forstår. Men er det i henne det skjer, eller er det utanfor? Kvifor er det så vanskeleg å prate med faren? Kva er det han held skjult? Og har ho nokon gong greidd å vere heilt seg sjølv? Spelar ho like mange rollar i livet mellom teaterstykka ho er skodespelar i? Kva vil ho?

Han mumlet noe om at det å snakke, selv om for lengst tilbakelagte hendelser, først og sist minnet om å stige inn i mørket - ikke mørket som abstraksjon eller som et eller annet uransakelig fenomen, han tenkte snarere på et mørkt hus, man visste hvor alt hadde sin plass, likevel famlet man seg frem.

Rune Christensen har eit poetisk språk og teiknar fram bilete av landskapet, stemningen på ein måte som suggererer. 

Eg tilrår.

---

Kjersti Anfinnsen: Øyeblikk for evigheten, ein kortroman om Birgitte Solheim starta med De siste kjærtegn. I den første boka låg det ein kampvilje trass i at alderen hadde gripe tak i henne. I bok nummer to, bur ho delvis saman med Javier. Birgitte snakkar med søstera som er død. Men ho har videoopptak av samtalane. Birgitte mister taket. Reflekterer over det. Det er sårt, til tider bittert. Og det er små glimt til å le av. 
"Vi er slett ikke skrøpelige," sa Javier. "Jeg er slank og du er vidunderlig."

Den første boka hadde noko fandenivoldsk over seg. Denne kjenner eg mest som trist. Ønsket om å leve til ein er hundre og døy med støvlane på, er slik eg ofte tenkjer alderdommen. Og det som truleg blir sanninga er forfall og behov for hjelp til det meste. Det er kanskje det som gjorde meg så trist då eg las denne. Forfallet og hjelpesløysa

Eg tilrår, men hugs å lese den første boka først.

----

Magnus Takvam: Hun skrev for å kunne leve. Min mor Marie Takvam. er ei sår og ærleg bok. Marie Takvam kjem frå Hjørundfjorden. Ho er ei dyktig og oppvakt jente som får seg skolegang, blir mor og ektefelle. Ho gjev ut den første diktsamlinga i 1952. Mannlege bokmeldarar er mest opptatt av kor vakker fru Takvam er. I 2022 er det latterleg å lese kjente norske menn sine nedlatande kommentarar. Ord dei aldri ville ha skrive om menn.

Ekteskapet ryk og Magnus blir aleine med mor Marie. Han er sterkt knytta til henne og samstundes så kjenner han korleis ho stenger for livet hans. Marie Takvam lever eit liv som bohem. Det kryr av kjente forfattarar rundt henne. Etter kvart får alkoholen stor makt over henne og det blir fleire samanbrot. Men midt i at verda fell saman, greier ho å skrive vakre dikt. Det er som om ho greier å samle seg når ho skriv.

Boka er ei sterk skildring av ei mor der livet kunne ha vore annleis om nokon hadde oppdaga at ho var bipolar. Det er ei utleverande bok og ei klok bok. Eg var glad i diktaren Marie Takvam før eg las denne boka og er ikkje mindre glad i henne etter dette.

Kanskje kan eg våge meg til å kviskre til deg: Elsk om du kan elske, og om det fins nokon å elske i di framtid

Eg tilrår!

---

Forfattar: Rune Christiansen 
Tittel: Saken med den tapte tidens innfall
År: 2021
Forlag: Oktober

Forfattar: Kjersti Anfinnsen
Tittel: Øyeblikk for evigheten
År: 2021
Forlag: Kolon 

Forfattar: Magnus Takvam
Tittel: Hun skrev for å kunne lever. Min mor Marie Takvam
År: 2021
Forlag: Kagge