Spania - historien, kulturen og menneska

Spania - historien, kulturen og menneskene av Arnt Stefansen er ikkje ei ny bok. Denne utgåva er utgitt i 2013, men historia, kulturen og menneska er like spennande å lese om i dag. Arnt Stefansen er journalist og har jobba for NRK i mange år.

Særleg spennande var det å lese om eit land som før 1492 var langt kome i legekunst og vitskap. Folket var ei blanding av kristne, jødar og maurarar/berbarar (muslimar frå Nord-Afrika). Til dømes er Sevilla, Granada og Cordoba kjente byar med fantastiske bygg frå den tida maurarane styrte. Etter kvart tok kristendommen meir over, men folkeslaga levde greit saman til regentparet Isabella og Ferdinand i 1492 fann det for godt å påtvinge alle den rette lære, kristendommen. Utrenskinga varer lenge. Columbus drar samstundes avgarde og "oppdagar" Amerika. Spania får rikdom og landet kan leve stort på det. I alle fall dei rike. Ei stund.

Det er ei fascinerande historie der rikdom og oppgang møter fattigdom og nedgang. Gjennom heile historia. Vi får borgarkrigen og diktaturet. Og kva gjer ein med den mørke historia under Franco? Skal ein bare legge lokk på det? Kva med ofra? Kva med overgriparane? Kva med dei som blei rike i denne perioden fordi dei stal frå fellesskapet? Og kva med den katolske kyrkja? Den har stått på dei rike, mektige og konservative si side i alle konfliktane. Heilt opp til moderne tid. Om kyrkja har tatt eit oppgjer med seg sjølv eller om det ligg eit lokk der òg, står det ingenting om i boka. Men forlysteleg lesing er ikkje kyrkja si velsigning av overgrep mot folket. Og paven si saligkåringen i 2001 av prestar ol som blei drept under borgarkrigen er sterkt kritistert. Den katolske kyrkja i Noreg skriv pent om det, men alle er ikkje like einige i konklusjonen.

Og det å bruke penger er ikke sløseri, men investering i trivsel, og dermed også i god helse. Det er få spanjoler som stenger seg inne når de har problemer. De går helle rut og snakker om problemene.

Vi får oppskrift på paella, blir kjent med vinlandet, kjenner på bylivet og på landlivet. Ei bok som er lett å lese. Og som gir kunnskap om dette fantastiske landet.

Eg tilrår.

---

Tittel: Spania - historien, kulturen og menneskene
Forfattar: Arnt Stefansen
År: 2013
Forlag: Historie & Kultur AS

 

Kommentarer