Nora Krug vaks opp i Karlsruhe i Tyskland, lenge etter krigen. Når ho reiser i utlandet som ung, utløyser den tyske aksenten ein del reaksjonar hjå folk ho møtte. Det gjer henne usikker. Etter kvart innser ho at ho må leite seg bakover i familiehistoria. Kva gjorde familien under krigen? Stemmer historiane? Kvifor snakkar ikkje faren med søster si? Kva er det å vere tysk?
Og dermed skreiv Nora Krug boka Heimat. Ho begynner å stille spørsmål, finne gamle bilete, lese historie og aviser frå Kalsruhe for å finne ut kva som eigentleg skjedde. Og sjølvsagt er det skurr mellom det ho trudde, det som blei fortalt og det ho finn ut.
Boka er fascinerande. Det er litt teikneserie, litt håndskrift, litt fotoutklipp og mange minner.
Kva er Heimat? I følge tysk leksikon "et begrep som betegner et sted eller et landskap, enten mentalt fremstilt eller virkelig, som man.... forbinder med en umiddelbar fornemmelse av gjenkjennelighet. Denne erfaringen... overføres fra generasjon til generasjon, gjennom familien og andre institusjoner, eller gjennom politiske ideologier....."
Denne boka er ei historiebok og ein roman. Verkeleg verd å bruke tid på.Tittel: Heimar. Et tysk familiealbum ( Heimat. A German family album)
Omsett av: John Grande
År: 2018
Forlag: Spartacus (2019)