Ulyzes - å sitje ved nabobordet og smuglytte til to eldre menn

Hugsar du då du sat heilt stille i ein stol eller låg under eit bord og hadde store øyre? Dei vaksne hadde gløymt at du var der og prata skikkeleg? Eller hugsar du sist du sat ved eit kafébord og lytta på samtalen ved nabobordet? 

Den siste veka har eg dradd stolen min nærmast muleg nabobordet. Eg ville ikkje gå glipp av eit einaste ord når Oddvar på 80 og Jon på 60 hadde sett seg godt til rette. Jon drikk kaffi og Oddvar drikk mjølk.

Oddvar Torsheim si bok Ulyzes startar med sitatet: "Nei, heller ikkje eg har lese Ulysses". Og etter det får eg smugkikke i skisseblokkene som Torsheim har rabla i gjennom åra. Han har alltid ei i veska for å skrable ned idear, gode sitat, rare tankar og skisser. Innimellom er eg godt. Andre gonger lurer eg på ka han tenkte.

Men så var det nabobordet. Der sit altså kameratane og kunstnarkollegaene Jon Fosse (JF) og Oddvar Torsheim (OT). Den eine med kaffi og den andre mjølk. Vi er i Austerrike. 

Dei pratar. Tek seg ein slurk. Har du sett bileta til Mark Rothko? Eg noterer for han er ukjent for meg òg. JF er veldig opptatt av han. Det må eg sjekke ut. Paul Klee var meir kjent. Her heng eg med. JF har lese Ulysses. Kva er kunst? Er det slik som Ibsens sa: "Jeg fikk sorgens gave, så ble jeg skald."

Gud forresten. Er han så liten som bedehuset vil ha det til? Kven eig sanninga om Gud? Og alkoholen. Den har sine oppsider, men den tok vel mykje plass. Kunne ikkje fortsetje slik. Og kjærleiken? Kvinnene. Både eit og to og tre ekteskap. Har nok ikkje vore heilt enkel å leve med. Egoist, kanskje? Hjelper psykoterapeutar? Men du har det godt no?

Kan ein strek vere kunst? 

Eg har Himmelen, men og Jordas undergang i meg

Rekneskapsførarar. Dei trengs. Og Firdaposten. Og veit du, eg blei fråteken saks og hårspray då eg skulle på flytur. Det er Osama Bin Laden si skuld. Er vestlending fødd med dårleg samvit? Jaja. Kva skjer når du er inspirert? 

Laurbær er vondt underlag

Og slik held dei på. Eg storkoser meg og prøver å sitje heilt stille slik at dei ikkje oppdagar øyra ved nabobordet. Akkurat det eg trengte i desse mørke tider.

Eg tilrår.

----

Tittel: Ulyzes 
Forfattar: Oddvar Torsheim ( i samtale med Jon Fosse)
Forlag: Skald
År: 2019

Kommentarer

  1. Nå har jeg sittet i flere timer og prøvd å skrive et blogginnlegg om Ulysses, også dukker denne omtalen opp. Takk, jeg må se å få lest denne nå når jeg er i Ulysseshumør, selv om den ikke handler om James Joyce sin roman i det hele tatt. Fosse og Torsheim er artige karer, kjekt å dykke inn i deres univers også.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ulysses har ikkje eg vågd meg på enno. Spent på kva du skriv om den. Det var herleg å lese ein lang samtale i desse oppstykka tider.

      Slett
  2. Fekk lyst til å sitja ved nabobordet.

    SvarSlett
    Svar
    1. Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.

      Slett
    2. Ho står i hylla mi. Til utlån

      Slett

Legg inn en kommentar

Velkommen til å skrive dine kommentarer om boka/ bøkene dette innlegget handlar om