No er ho gamal. Så gamal at dei fleste venene er døde. Ho er einsam. Ho er skrøpeleg. Det meste av dagen sit ho i leilegheita i Paris og ser ut.
Heime i Noreg har ho ei søster som har familie. Birgitte kjenner seg fjern frå alle desse. Men sånn cirka ein gong i veka snakkar ho med søstera via Skype. Eller kanskje dei snakkar mest med seg sjølv og ser kritisk på den dei ser på skjermen. Dette er to søstre som ikkje tør kome kvarandre for nære. Dei har vakse opp i ein dysfunksjonell familie og har valt to ulike måtar å ta det på. Kvar gong dei nærmar seg det, blir alt vanskeleg.
Det finnes få tegn til at noe fint skal kunne komme til å hende meg i løpet av dette livet, eller i verden, for den saks skyld. Men jeg slutter merkelig nok ikke å håpe på et under. At man aldri lærer.
Birgitte har ein gong vore attraktiv. No slit ho med å vere aktiv. Beina går sakte, ho skjelv når ho tar koppen mot munnen. Men ho har ikkje gitt opp. Kanskje er det håp om dei siste kjærteikn. Kanskje kan ho framleis møte kjærleiken? Det er ikkje lett for dei få menn som finst på hennar alder, vel yngre kvinner. Men kanskje det er ein der ute?
Kjersti Anfinnsen var ukjent for meg, men dette forfattermøtet likte eg. Så kanskje eg skulle finne fleire bøker av henne. Boka "De siste kjærtegn" er rett og slett ei nydeleg lita bok. Ho får fram det såre, det endelege og refleksjonar over kva var no dette livet. Det er bitre kjensler og det er humor. Alle desse små detaljane. Desse små glimta av kvardagen og tankane til Birgitte er god lesing.
Eg tilrår.
Har du lyst å lese ein annan blogg om boka, sjekk Tine sin blogg
"Jeg savner å være klartenkt", sier jeg. "Snart klarer jeg vel ikke å huske noe som helst".
----
Forfattar: Kjersti Anfinnsen
Språk: Norsk
Forlag: Kolon
År: 2019
Boka er lånt på biblioteket