Kva er livet idet det flaksar forbi? Til fyret

 Familien Ramsay, mor, far og åtte barn, og vener av familien er i sommarhuset sitt. Det er før første verdskrigen. Sonen James vil til fyret. Men vêret er ikkje det beste. Sommaren går.

Tida går. Krigen startar og krigen sluttar. Nokre døyr i ein parantes. Og endeleg kjem James til fyret.

Eigentleg skjer det lite i Til fyret. Men samstundes skjer det så mykje. Inni hovudet på folka. Kva er meininga med dette livet? Kan vi forstå tida? Kva er kjærleik? Kven er dei andre? Dei eg trur, eller noko heilt anna? Forstår vi betre gjennom filosofi og kunst? 

Alle tankane, fordommane, redslene, innfalla som arbeider i oss medan vi fører samtalar med dei andre. Kvifor sa eg dette? Kvifor liker eg ikkje han? Kvifor er ho sur? Kvifor reagerer eg slik? Kvifor trør han meg ned? Kvifor lar eg meg bli trødd ned? Kva er eigentleg forventa av meg? Som kvinne? Kvifor er ikkje det ho gjer like mykje verd som det han gjer? Så mange tankar som gjer livet innvikla. Så mange forventningar. Alle desse tankane som heile tida arbeider i oss og mellom oss.

- kva sender ein med til fyret? - opna dører i hovudet som blei hengande og svinge hit og dit, og fekk ein til å halde fram med å spørje, måpande: Kva skal ein sende? Kva skal ein gjere? Kvifor sit ein her eigentleg?

Virginia Woolf skriv om livet. Om døden som er ein ende, men livet som likevel går vidare. Om å vere mor, far, dotter, son, gjest. 

Sånn cirka midt i boka, er det ei middagscene som er verd heile boka. Tankar, setningar, utmelding, innmelding. Alt skjer mens gjestene har eit vellukka måltid der Boeuf de Daube blir fortært med kompliment til vertinna.

Dette er ein klassikar som bare blir betre etter som eg modnast. Første gongen tenkte eg på at handlinga manglar, men no, mange år etterpå, er den jo full av handling. I naturen og i menneska.

Skald forlag har laga ei bok som er nydeleg innbunden. Og Brit Bildøen har omsett boka på ein måte som gjer at eg omtrent vil sitere alt. 

----

Tittel: Til fyret
Forfattar: Virginia Woolf
År 1927 
Forlag: Skald (2021)
Omsett av: Brit Bildøen




Kommentarer

  1. Jeg leste denne for noen år siden, og likte den veldig godt. Men det var en annen utgave.

    SvarSlett
  2. Er det ikke godt med bøker som gjør at vi stiller spørsmål og undrer? Woolf skrev så mye bra. Inkludert denne romanen. Jeg har kun lest denne på engelsk, men er fan av Bildøen og tror på at hun har oversatt historien godt

    SvarSlett

Legg inn en kommentar