Ekteskapet mellom himmel og helvete.

Du skal av og til lesebøker så vanskelige at du billedlig talt må stå på tå i deg selv for å nå opp. Bare på den måten kan du få et avgjørende gløtt over din egen uvitenhets mur, en åpenbaring som vil anspore og påskynde din åndelige vekst (sitat Hans Børli)

Slik kjennes det når eg les og ser det William Blake (1757-1827) har skapt. Kva er bak orda? Kva meinte han? Kva seier bileta til meg? Han krev sitt denne originale engelske forfattaren og biletkunstaren. 

Januar 2020, før vi visste om viruset, stod vi i lang kø for å få billettar til William Blake utstillinga i London. Deretter gjekk vi tett i tett og studerte kunsten. Den fascinerande, nifse, fine, spesielle biletkunsten. Vi såg òg nokre av dei handskrivne tekstane hans. 

Januar 2022 var det tid for forfattaren William Blake. Boka "Ekteskapet mellom himmel og helvete" er ei bittelita bok på ca 30 sider pluss etterordet til gjendiktaren Henning Hagerup. Altså ei bok ein kan lese på ein kveld. Og kose seg. Eller ei bok som tar mange dagar. Helst med opphald. Henning Hagerup har gjendikta det så det er lett å lese. Men så var det om eg skjønte meininga til Blake. Eg trengte altså fleire dagar.

Blake er ikkje tilhengar av Hegel og tese+ antitese= syntese. Fornuften er Gud og energien er djevelen. Desse må vere der. Begge to. For at utvikling skal skje. Det må vere konflikt elles blir det ikkje kreativitet.

Uten motsetninger finnes ingen framgang. Tiltrekning og frastøtning, fornuft og energi, kjærlighet og hat er nødvendige for menneskets eksistens

Djevelen er ei røyst frå det undermedvitne i oss. Ein visdomsmeister. Han talar gjennom fantasien, men fantasien er meir enn djevelen. På ein måte er det Gud òg. Både Gud og djevelen er i oss. Vi må kjenne begge. Dette er ord eg kan blli med på, men så er det meir. Ord eg må tenke på. Profetane Jesaja og Esekiel et middag med Blake. Deira samtale treng òg tenketid. Blake sin kristendom passar ikkje inn i det ortodokse og det konservative. Han er radikal. Utfordrar alle.

Forvent gift fra stillestående vann

 For mange år sidan las eg boka "Burning bright" av Tracy Chevalier. Det er ein roman der to unge ein radikal poet og kunstnar i nabolaget. Det er skremmande. Det er spennande. Det er William Blake. Dette er ein måte å møte han på. Ein annan, som eg så vidt har starta på, er Geir Uthaug si bok: "Den kosmiske smie". Om Blake sitt liv, diktning og verdsbilete.

Eg las "Ekteskapet mellom himmel og helvete" samstundes med "Inferno" av Dante. Utmålinga av helvete og syndene hjå Dante er livlege og til tider groteske. Blake viser til at det for fleire forfattarar blir ganske tannlaust og tamt når dei skriv om englar og himmelen, men når det kjem til helvete og djevelen, skjer det noko. Då vaknar fantasien til. Energien. Kreativiteten.

Dette er ein forfattar og biletkunstnar eg ikkje er ferdig med.

Eg tilrår boka. Og bøkene.

---

Tittel: Ekteskapet mellom himmel og helvete
Forfattar: William Blake
Gjendikta av: Henning Hagerup
Forlag: Kolon
År: 2020
Boka er lånt på biblioteket.


Kommentarer

  1. Denne leste jeg for en stund siden, like etter at den kom fra forlaget. Interessant, men litt krevende, kan man si.. Men jeg er fascinert av Blake.
    Jeg leste også hans bok om Uskyldens sanger- den var kjempefin. Blogget om den ifb diktsirkelen. Har også Den kosmiske smie liggende, Kjøpte noen bøker fra Geir Uthaug for 1-2 år siden..

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, den var krevande. Takk for tipset om Uskyldens sanger. Den må eg få lest. Det er noko med Blake som fascinerar!

      Slett

Legg inn en kommentar