Fjorten damer sette seg saman ein kveld i desember. Det var tid for å snakke om bøker vi hadde møtt og som hadde gjort inntrykk på oss i 2023. Regelen er at det er bøker du har møtt dette året. For første, andre eller tiande gong. Boka kan vere tusen år gamal eller heilt ny.
I år som i fjor, kom alle med to bøker dei ville presentere oss for. Og som i fjor, like overraskande ulike bøker. Og mange gode "Åja- den likte eg òg". Kvifor den enkelte ville fortelle om akkurat dei to bøkene, blir mellom oss. Men lista får du.
Og skulle ein eller fleire av damene få lyst til å fortelle, så er det bare å bruke kommentarfeltet under. Til glede for dei som ikkje var der (og dei med dårleg hugs).
Her var det bare å notere til ønskelista, gåvelista, bibliotekslista eller leite fram to-tre som alt låg i lesebunka, men som hadde hamna litt for langt nede.
Desse vil damene tilrå:
- V. Perrin: Å vanne blomster om kvelden
- M. Eikemo: Samtale ventar
- E.Joly og N. Witoszek: Det blåøyde riket
- T.Renberg: Lungeflyteprøven
- N.Haratischwili: Det åttende livet
- R. Sepetys: Bak din rygg
- K. Smirnoff: Jeg dro ned til bror (+ Vi dro opp med mor og Så dro jeg hjem)
- F. Grytten: Den dagen Nils Vik døde
- L. Mytting: Svøm med dem som drukner
- T. Renberg: Dette er mine gamle dager
- E. Manin: Mysteriet i veven
- T. Renberg: Du er så lys
- F. Pessoa: Å vere ein annan
- R. Jacobsen: Vidunderbarn
- A. Gavalda: Eg elska ho
- J Guillou: Brobyggerne
- L. Mytting: Skråpånatta
- J. Erpenbeck: Alle dagers ende
- O. Vuong: På jorda er vi glimtvis vakre
- H. Sandvig: Et langsomt farvel
- H. Flatland: Bli hvis du kan. Reis hvis du må
- Frank Tønnesen: Vi kan ikke ta med oss alt dette hjem
- Å. Seierstad: Afghanerne
- J. Fosse: Kvitleik
Ei dame som måtte kaste inn handklede den kvelden, sendte ekstra melding om at desse to bøkene må med:
- L. Ypi: Fri
- A. Adiga: Hvit tiger
Og utanom desse førte samtalane oss innom bøkene:
- J. Fosse: Kant
- V. Perrin: Vi tre
- A. Ruset: Eg kom ikkje heim før det var natt
- A. Gavalda: Eg vil at nokon skal vente på meg
- J. Fosse: Morgon og kveld
Og ei minna oss på at ho hadde snakka om K. Hamsun i fjor og ho var ikkje heilt ferdig med han enno