Å vandre med japanske poetar

 I nesten eit år har eg vandra med Issa, Basho, Ryokan og Santoka. Fire vandrepoetar frå Japan. 

"Veiens visdom og vandringens poesi. Fire japanske vandrepoeter" av Notto R. Thelle er ei bok eg har trengt tid med. Å kjenne seg heime i haiku, bli kjent med livet til desse fire og undre meg over livet deira, har tatt si tid. Eg har brukt boka som morgonlesingar. Det blei ein god meditasjon å ta med seg inn i dagen. Den eldste poeten er frå 1600-talet og den nærmast oss i tid, døyr i 1940. Dei har ulik bakgrunn, men alle fire lever enkelt. Dei vandrar. Vandringa - det å gå - er ikkje bare fysikk, men og ande. Buddha vandra og dei vandrar.

Haiku er kjent som japanske kortdikt med 5-7-5 stavingar. I denne boka møter vi òg den japanske teksten. Det er ikkje alltid poetane held seg til haiku-forma.

Thelle fortel først om poeten, så får vi poesien, så litt forklaring, så nye tekstar. Det er ein god måte å bli kjent med poetane på. Eg har kjent på einsemda, kulden, tiggarkappa, banantreet som bles i vinden, dei vakre kirsebærblomane, loppene, fuglane, sikadene... Og eg er blitt kjent med buddhismen, 

Basho (1644-1694) kjem frå aristokratiet og har samuraibakgrunn. Han er bluesen i boka. Det er trøbbel og håp. Han vel det enkle livet.

Måne og sol er gjester som evig farer forbi, år som kommer og år som går er også vandrere.

å, endelig vår/ hvor fantastisk våren er/ - og så videre 

Ryokan (1758-1831) er kanskje buddhismens Frans av Assisi? Han er opptatt av leiken, mennesket og livet.

Plant dine blomster - / ingen bygd er ufruktbar!/ Det er våre sinn/ som gjør at mennesker blir/ tråkket ned på denne jord.

Issa (1763-1827) er den mest kjente. Han er bondeguten som blei hundsa med og som måtte bort frå heimen. Issa betyr "ein kopp te" - heile universet kan samlast i ein kopp te, meinte han. Han vil vandre, lytte, skrive og tigge. Han har mange dikt om kva ei heimbygd er. Både i sinnet og i geografien.

en liten fole/ som forlater hjembygden/ i høstregnet

en spinkel spire/ en ustø vekst som vokste/ til en vakker blomst 

Santoka (1882-1940) "poeten frå helvete". Han er eit sterkt møte med håpet og fallet. Av motsetnadene i livet. Han rusar seg på sake og angrar og skal starte eit nytt munkeliv. Stadig vekk. Han er tiggarmunk og fattigfrans. Han skildrar angeren, lukka i rusen, håpet, fattigdommen, tigginga og livet

jeg åpner vinduet/ hele vinduet/ fylles av vår

du kan luke og luke/ men å luke bort/ ugressets livstørst .... 

---

Det er vanskeleg å skrive om dei. Det er enklare å vandre ved sida av dei. Dei får sagt så mykje om livet med få ord. Eg tilrår boka. Gjerne som sakte lesing. 

Det har vore ei god reise som eg vil ta småturar innom stadig vekk. 

----

Forfattar: Notto R. Thelle
Tittel: Veiens visdom og vandringens poesi. Fire japanske vandrepoetar
Forlag: Verbum
År: 2023
Sider: 760 + noter