Båtførar Nils Vik

 Nils Vik har heile livet ført folk frå den eine sida av fjorden til den andre. Og inn til byen om nokon hadde eit ærend dit. Han har frakta skoleelevar, lærarar, prestar, gravfølge, brurepar, gravide, sjuke...

Frode Grytten gir oss i boka "Den dagen Nils Vik døde" eit sterkt og vakkert møte med levd liv. Nils Vik har gått i båten for siste gong og tøffar ut fjorden. Undervegs kjem minnene og dei døde går om bord og flettar si historie inn i den han hugsar.

Mens eg les, tenkjer eg på "Morgon og kveld" av Jon Fosse. Særleg siste del som er den siste dagen i Johannes sitt liv. Dei har ein del felles samstundes som dei er ulike.

Johannes går om bord i båten, drar langt ut og blir ein del av himmel og hav. Nils Vik tøffar utover og forsvinn ut i himmel og hav. Dette bilete av havet som det vi blir ein del av, kjem stadig fram hjå Fosse og altså her hjå Grytten òg. Det er eit godt bilete for ein vestlending kjenner eg. Det uendelege havet.

Over fjorden gikk han, ut mot det opne havet, ut der det ikkje finst fleire stader å gjømme seg, der beina ikkje lenger kan bere ein, der båtens hjarte ikkje lenger slår under ein. Over fjorden gikk han, han gikk mot lyset, mot lyset i mørket, lyset over fjellet og lyset over vegen og regnet og skyene og husa og horisonten. Byrjinga må ha sett slik ut, eit mørket og eit lys, mørket med dette lyset i seg, som når båten kryssa den svarte fjorden med ei tent lanterne i baugen. I byrjinga hadde han vore eit steg frå livet, no var han eit steg frå døden. Nils Vik lukka auga, og den siste dagen i livet hans var over.

Skal ein finne meir Fosse så er jo det lysande mørket ikkje akkurat ukjent for han.

Eg tilrår boka med glede.

----
Tittel: Den dagen Nils Vik døde
Forfattar: Frode Grytten
Forlag: Oktober
År: 2023

Lånt på biblioteket