Over havet

 

Eg har vore på reise frå Spania til Frankrike, til Chile, til Venezuela.... 

I 1984 kom Åndenes hus av Isabel Allende på norsk. Det var saker det! Eg stupte inn i boka og elska både Chile og Allende. Etter det har ho gitt ut bøker av ulik kvalitet og kjærleiken min har dabba litt av. Men no var er klar for ei reise over havet. Og for ei reise!

Vi startar i 1938. Det er borgarkrig i Spania. Folket slit og general Franco går hardt fram for å vinne. Han får hjelp av Hitler og Mussolini. Det er kampar i gatene. Det er vold på begge sider. Midt i dette møter vi den halvstuderte medisinaren Victor og den musikalske Roser. Vi blir med i kampen mellom liv og død på provisoriske sjukehus, flukta over fjellet til eit Frankrike som absolutt ikkje vil ha flyktningane. Dei hamnar i konsentrasjonsleirar. 

P.Neruda
Hundretusenvis av livredde flyktninger rømte til Frankrike, hvor de ble møtt med frykt og hat. Ingen ville ha disse utlendingene, de røde, frastøtende, skitne mennesker, rømlinger, desertører, kriminelle, som var betegnelsene pressen ga dem, som kom for å spre epidemier, for å stjele og voldta og oppmuntre til kommunistisk revolusjon.

S. Allende

Roser er gravid og ventar barn med Victor sin bror. Han er ein av dei mange døde i kampane i Spania. Victor og Roser får hjelp av poeten og diplomaten Pablo Neruda til å kome seg over havet til Chile. Poeten Neruda blir med i ord gjennom heile boka.

Her opplever vi eit Chile som tar i mot spanjolane, men òg eit veldig klassedelt Chile. Åra går og det er tydeleg at det er ei venstreside i politikken som vil fram. Vi følger tida før, tida under president Salvador Allende og statskuppet. Eit kupp det viser seg at USA har hatt ein finger med i. Det er tryggare med høgreekstremisme enn sosialisme - for stormakta.

Hun forskjønnet hendelsene, for hun var klar over at livet blir slik man forteller det, så hvorfor skulle hun skrive ned det trivielle?

Spanjolane som hadde flykta frå eit land der militæret tok over makta med vald, opplevde no det same i Chile. Frå 1973 var Chile styrt av diktator Augusto Pinochet og i Spania sat general Franco. 

Boka engasjerte meg frå første side. Eg var redd i sjukestova, på flukta over fjellet, fleire gonger i Chile og eg blei veldig glad i desse menneska som kjempa sine eigne kampar samstundes som vi får innblikk i den politiske historia. 

Det siste kapitlet trengte ho kanskje ikkje ta med, men ok. Alt det andre var jo av beste klasse så eg kan kose meg med avslutninga òg.

Eg tilrår med akklamasjon!

---

Tittel: Over havet
Forfattar: Isabel Allende
Omsett frå spansk av Signe Prøis
År: 2019
Forlag: Gyldendal

Kommentarer

  1. Jeg er så enig med deg, denne boka var fin. Jeg gikk virkelig lei henne en stund, men var glad for at jeg gav denne boka ei sjanse, noe jeg ikke angrer på. Håper hun kommer med flere gode bøker.

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Velkommen til å skrive dine kommentarer om boka/ bøkene dette innlegget handlar om