Becks siste sommer - tør han eigentleg å leve?

 

Eg hadde så lyst til å lese ei ny bok av Benedict Wells etter Ut av ensomheten. Den boka gjorde eit sterkt inntrykk på meg. No har eg endeleg lese debutboka hans: Becks siste sommer.

Kanskje var det på feil tid. Kanskje orkar eg ikkje fleire frustrerte kvinner og menn. Kanskje er det for lettvint? Kanskje er det for nifst? Kanskje. 

Robert Beck er ein lektor på 38 år. Han er lei av jobben. Han fiksar ikkje langvarige kjæresteforhold. Han har arva pengar etter faren og kan leve godt. Vi får glimt inn i ein oppvekst der han ikkje har opplevd seg som elska. Men alle forsøk på å gå inn på dette avviser han.

Beck har ein elev som kjem frå Litauen. Han stryk i omtrent alle fag. Det er noko mystisk med Rauli. Han spelar musikk som ein gud. Beck har spela i band og skrive musikk sjølv. Han ser at han kan leve ut draumen gjennom Rauli. Men her møter han òg mykje som er i mørkret. Familien, løgn, dop, skøyter og våpen.

Og så kjem kjærleiken inn i livet. Lara. Men tør han sleppe henne heilt inn. Bli sårbar og kanskje miste?

Charlie, kompisen frå ungdommen, er ein underleg skrue. Han fiksar svært dårleg både jobb og livet.

Dette er gjengen rundt Beck. Og herifrå går det bare nedover. Men i lufta ligg spørsmålet om du kan øve deg til å bli talentfull, eller må du ha det med deg frå starten av og øve i tillegg? Har du valg i livet eller er opplevingane frå barndommen så sterke at dei styrer alt?

Det er mykje humor i boka. Og kanskje litt "putetv"- historiar. Dei aller fleste har skrive lovord og storkost seg.  Eg blei sitjande igjen med tanken om vi har alt og det er alt vi har. Er vi livsleie? Har ingenting å strekke oss mot? Tru på? Det er bare meg og einsemda. Bare meg og frustrasjonen over livet som ikkje er fullkome.

Boka er forresten inndela i spor med titlar frå Bob Dylan. Han dukkar opp i boka med jamne mellomrom.

Benedict Wells ( Benedict von Schirach) er tysk-sveitsisk forfattar. Fødd i 1984. 

----

Tittel: Becks siste somemr
Forfattar: Benedicte Wells
Omsetjar: Miriam Lane
År: 2020 (original 2008)
Forlag: Press
ebok