Dei døde - James Joyce

 

Eg har aldri vågd meg på James Joyce. Før no. Ei av novellene frå Dubliners hadde fått ei så god omsetjing til norsk at det var bare å fryde seg. Las eg. Omsettaren var Jon Fosse. Då måtte eg bare utpå eg òg.

I "Dei døde" er det jul. Det snør. Søstrene Kate og Julia inviterte kvart år til ball. Alle som kjende dei, familien, gamle vener av familien, kormedlemmer og elevar som var vaksne nok, kom.

Aldri hadde det vore mislukka. Tantene stelte godt med gjestene sine. Det er dans, god mat og god stemning. 

Sjølv om dei levde måtehaldne, så likte dei å eta godt, og berre det beste av alt, mørbradstykket på oksesteika, te til tre shilling og det beste porterøl på flasker

Til dette ballet kjem hovudpersonen, nevøen Gabriel og kona Gretta. Han er glad i tantene sine, har alltid kveldens tale og er den som skal dele opp steika til festmåltidet.

Alt ligg til rette for at det skal bli som kvart juleball for Gabriel. Han verkar som ein mann som er trygg på seg sjølv. Men denne kvelden kjem han stadig feil ut. Han er litt for sein for nået. Han er så skikkeleg, har omsorg for alle, men det blir stadig feil. Etter kvart blir han usikker på om han verkeleg har levd og har elska. Kva liv har han levd? Og det snør både over levande og døde.

Denne novella er frå 1914, men kunne godt vere frå i dag. "Ein etter ein skulle dei alle verta til skuggar" står det bak på boka og det er vel det vi grublar over innimellom alle.

Boka er frå Skald forlag sin klassikarserie. 

Eg tilrår!

---

Tittel: Dei døde
Forfattar: James Joyce
Omsett av: Jon Fosse
Utgitt: 2017 (første gong 1914)
Forlag: Skald
Sidetal: ca 70

Kommentarer