Stjernenes knitring

 

I lesebunka mi låg det opptil fleire norske moderne forfattarar som eg skulle lese. Eg begynte på den eine og den andre. Ingen fall i smak. Det var anten forvirra kvinner som eg ikkje hadde lyst til å bli kjent med, eller eit interessant tema, men kjedeleg språk. Eg gav opp. Det var nok ikkje rett tid og stad for akkurat dei bøkene. Eg ville ha meir himmel og meir jord.

Sidan eg skulle på reise, tok eg med meg ein islending i staden. Og det er like frydefullt som alltid. Jon Kalman Stefánsson har tidlegare gitt meg store leseopplevingar så dette stolte eg på.

Og Stjernenes knitring var full av alt det Stefánsson kan. Poesi og prosa fletta saman. Eg må stadig streke under i teksten for den setningen var så fin. Og den òg. 

Romanen er ei barndomsskildring. Ein gut som veks opp utan mor si, men som har tinnsoldatane sine. Dei stiller opp og verner han mot farene utanfor døra. Men dei greier det ikkje alltid. Det er sterke kjensler, det er lyrisk, det er sårt, det er skarpt. Vi går langt bakover i tida og litt til i dag. Innimellom tenkjer eg på dei andre bøkene hans. Men denne boka kom før dei, så kanskje var dei statistar som ville fram seinare?

Det er noko frodig, saftig, vilt og  flott i desse bøkene som eg ikkje fann hjå dei norske forfattarane. Her er det himmel, helvete, villskap og kjærleik. Og redde menneske som greier meir enn seg sjølv. Forfattaren er så tydeleg glad i mennesket.

Eg har storkost meg, lese setningar om igjen og tilrår med fryd!

Heldigvis trenger tinnsoldatene knapt mer enn femten minutters søvn, det kan også holde at jeg tenker hardt på dem, da våkner de, glemmer innbyrdes uenighet, slår ring om meg, geværløpene peker mot døren, og vi venter helt til vi ikke hører annet enn vår egen hjertebank.

Andre bøker av forfattaren som eg har skrive om:

----

Tittel: Stjernenes knitring
Forfattar: Jón Kalman Stefánsson 
Utgitt: 2020 ( på originalspråket i 2003)
Forlag: Press

 

Kommentarer